Donetsk oblast (ukrainsk Донецька область) er ein provins (oblast) aust i Ukraina. Hovudstaden heiter Donetsk. Historisk sett har provinsen utgjort mesteparten av Donbas-området. Provinsen har eit areal på 26 500 km².

Donetsk oblast
Донецька область, Donetska oblast
oblast
Flagg
Våpen
Kallenamn: ukrainsk Донеччина (Donetsjtsjyna)
Land  Ukraina
Rajon 18
Byrajon 28
Byar 183
Landsbyar 1124
Koordinatar 48°08′N 37°44′E / 48.14°N 37.74°E / 48.14; 37.74
Hovudstad Donetsk
Areal 26 517 km²
Folketal 4 622 900  (2006)
Folketettleik 174 / km²
Grunnlagd 3. juni 1938
Guvernør Pavlo Kyrylenko[1]
ISO 3166-2 kode UA-14-
Postnummer 83000-87999
Retningsnummer +380-62
Bilnummer АН, АТ, ЯН, ЕВ, ЕА, ЕК, ЕМ, ЕС
Språk ukrainsk, russisk[2]
Kart
Donetsk oblast
48°08′N 37°44′E / 48.14°N 37.74°E / 48.14; 37.74
Wikimedia Commons: Donetsk Oblast
Nettstad: www.donoda.gov.ua
www.rada.gov.ua

Donetsk er den mest folkerike provinsen i Ukraina, med 4,6 millionar innbyggjarar (2006). Dette skuldast nokre store industribyar og dessutan urbane område rundt desse byane. Provinsen har mykje tungindustri, blant anna kolgruver og dessutan jarn- og stålverk.

Ved den ukrainske folketellinga i 2001 var dei etniske gruppene i Donetsk oblast: ukrainarar – 2 744 100 (56,9%), russarar – 1 844 400 (38,2%), grekarar - 77 500 (1,6%), belarusarar - 44,500 (0,9%) og andre (2,3 %).[3]

Russiske styresmakter har hatt den dominerande kontrollen over provinsen etter at dei annekterte han den 30. september 2022.[4]

Historie endre

Styresmaktene i Donetsk truga med at dersom Viktor Jusjtsjenko vann presidentvalet i Ukraina i 2004, ville ein halde folkeavstemming om Donetsk skal erklære seg som ein sjølvstendig provins i Ukraina. Denne folkeavstemminga vart seinare avlyst.

Folkerepublikken Donetsk endre

Sidan 2014 var Donetsk oblast og Luhansk oblast delvis kontrollerte av pro-russiske separatistar. Delelina gjekk midt gjennom dei to regionane med byane Donetsk og Luhansk på den austelege sida av grensa, mens blant anna Kramatorsk og Mariupol fram til krigen i Ukraina var kontrollert av regjeringa i Kyiv. Folkerepublikken Donetsk og Folkerepublikken Lugansk proklamerte i 2014. Viktor Janukovitsj, som vart avsett i 2014, er fra Donetsk-området.[5][6] Kramatorsk har sidan fungert som hovudstad for den delen av Donetsk oblast som er under ukrainsk kontroll.[7] Russiske styrkar har uoffisielt vore i området sidan 2014.[8][9] Det har vore uklart om striden i Aust-Ukraina bør bli definert som ein ukrainsk borgarkrig eller som ein krig med Russland.[10]

Russland sin president, Vladimir Putin, kunngjorde den 21. februar 2022 at Russland anerkjende dei to utbrytarområda som uavhengige, og inngjekk ein venskaps- og bistandsavtale med opprørsleiarane[11] med rett for Russland til å etablere militærbasar og utplassere rakettar.[6] Den 24. februar sende Russland militære styrkar inn i Ukraina - ifølgje Putin for å tryggje freden i Aust-Ukraina. Dermed eskalerte krigen i Ukraina ytterlegare.[9][12][13]

Viktige byar i Donetsk oblast endre

Kjelder endre

  1. «Decree of the President of Ukraine № 482/2019». Office of the President of Ukraine (på ukrainsk). Henta 11. januar 2020. 
  2. «Русский язык стал региональным в Севастополе, Донецкой и Запорожской обл.». RosBusinessConsulting. 16. august 2012. Henta 16. august 2012. 
  3. «Про кількість та склад населення Донецької області за підсумками Всеукраїнського перепису населення 2001 року. (Ukraina Folketelling 2001)». 
  4. AS, TV 2 (30. september 2022), «Følg Putins tale om annekteringen», TV 2 (på norsk), henta 30. september 2022 
  5. «What is the background to the separatist attack in east Ukraine?». the Guardian (på engelsk). 17. februar 2022. Henta 21. februar 2022. 
  6. 6,0 6,1 «Is Russia invading Ukraine and what will happen next?». the Guardian (på engelsk). 22. februar 2022. Henta 22. februar 2022. «Putin has also sent his military on a “peacekeeping mission” to Ukraine, meaning that Russia will formally occupy sovereign Ukrainian territory for a second time following the 2014 annexation of Crimea. But in this case, Russia has not annexed the territories. A document signed by Putin on Monday also allows him to establish military bases or place missiles in the territories.» 
  7. https://www.politico.eu/article/life-in-ukraines-buffer-zone/
  8. NRK (22. februar 2022). «Drømmen om et imperium og stormaktsspill». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. februar 2022. 
  9. 9,0 9,1 Zondag, Martin H. W. (21. februar 2022). «Putin har beordret soldater inn i Ukraina». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. februar 2022. «Han påpeker samtidig at Russland siden 2014 har hatt en sterk uoffisiell militær tilstedeværelse i deler av Donetsk og Luhansk. Det betyr at det er noe usikkert hvor store praktiske konsekvenser den siste utviklingen har.» 
  10. Mjaaland, Ola (22. februar 2022). «Forsker: Russland har fått det som de vil». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. februar 2022. «– Ukraina opplever at dette har blitt fremstilt som en borgerkrig i Ukraina, noe de mener det ikke er. De mener det er Russland som har kontrollert disse væpnede gruppene siden 2014, sier Flikke.» 
  11. Berg (Grafikk), NTB |, Brage Lie Jor, Kaja Storrøsten, Kjell Erik (21. februar 2022). «Anerkjenner områder som uavhengige». dagbladet.no (på norsk). Henta 22. februar 2022. 
  12. Zondag, Martin H. W. (21. februar 2022). «Putin har beordret soldater inn i Ukraina». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. februar 2022. 
  13. «Russia strongly condemned at UN after Putin orders troops into eastern Ukraine». the Guardian (på engelsk). 22. februar 2022. Henta 22. februar 2022.