Dordogne

fransk departement
For elva med same namn, sjå elva Dordogne.
Dordogne
Våpenskjoldet til Dordogne
Plassering
Plasseringa til Dordogne i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 24
Region: Aquitaine
Préfecture: Périgueux
Sous-préfectures: Bergerac
Nontron
Sarlat-la-Canéda
Arrondissement: 4
Kantonar: 50
Kommunar: 557
Statistikk
Folketal Rangering 58.
 -1999 388 293
Folketettleik: 43/km²
Landareal¹: 9 060 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Dordogne er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Aquitaine, og er kalla opp etter elva med same namn. Préfecture (administrasjonsstad) i departementet er Périgueux. Andre sentrale byar i Dordogne er Bergerac og Sarlat.

Historie endre

Dordogne er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Périgord.

Geografi endre

Departementet er i dag ein del av regionen Aquitaine og grensar til departementa Haute-Vienne, Corrèze, Lot, Lot-et-Garonne, Gironde, Charente-Maritime og Charente.

Dordogne er det tredje største departementet i den europeiske delen av Frankrike.

Demografi endre

Innbyggjarane i departementet vert kalla périgordiens eller périgourdins.

Turisme endre

 
Dordogne i august 2003

Det er om lag 1000 slott i Dordogne, inkludert:

Området er best kjend for sin vakre natur, mange borger frå mellomalderen og fleire førhistoriske holer. Den mest kjende hola er Lascaux ved Montignac som viser holemåleri som er 15000 - 17000 år gamle.

Økonomi endre

Landbruksspesialitetar i området er raudvin, gåseleverpostei og valnøtter.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dordogne
  Reiseguide for Dordogne frå Wikivoyage