Dorogobuzj (russisk Дорогобуж, polsk Dorohobuż) er ein historisk by i Smolensk oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Dnepr, 85 km aust for Smolensk.

Dorogobuzj
Дорогобуж
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Dorogobuzj
Byvåpenet til Dorogobuzj


Plassering
Dorogobuzj is located in Russland
Dorogobuzj is located in Smolensk oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Smolensk oblast
Først nemnd i 1150
Geografi
Flatevidd
 - By

10 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

11 470
  1 147 /km²
Koordinatar 54°55′12″N 33°18′28″E / 54.92000°N 33.30778°E / 54.92000; 33.30778
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 48144
Bilnummer 67
Nettstad: admin.smolensk.ru/~dorogob/

Historie endre

 
Dorogobuzj og Dnjepr før revolusjonen i 1917.

Byen oppstod før den mongolske invasjonen av Russland som ei festning for å forsvare Smolensk mot åtak frå aust. I 1508 sende Vasilij III italienske meisterhandverkarar dit for å bygge eit trefort på staden. Byen vart plyndra under urotida og folkesetanden vart redusert til berre ti mann i 1614. Mellom 1611 og 1668 høyrte byen til det polsk-litauiske samveldet. Byen har seinare overlevd andre invasjoner og fleire brannar.

Attraksjonar endre

Stadane av størst historisk interesse ligg utanfor sjølve byen. Aleksino-godset frå 1700-talet var kjend for oppdrett av Orlov-hingstar. Boldinklosteret frå 1400-talet vart renovert av Godunovfamilien på slutten av 1500-talet. Godunovene førte opp ein femkupla katedral, eit refektorium med spir og eit søyleliknande klokketårn på staden. I følgje Peter Baranovskij representerte klosteret det best bevarte 1500-tals klosterkomplekset i Aust-Europa. Klosteret vart sprengd under tilbaketrekkinga til tyskarane i 1943, men er vorte delvis gjenoppbygd på 1990-talet.

Bakgrunnsstoff endre