Dorothea Lange (25. mai 189511. oktober 1965) var ein innverknadsrik amerikansk fotograf.

Dorothea Lange

Statsborgarskap USA
Fødd 26. mai 1895
Hoboken Sjå dette på Wikidata
Død

11. oktober 1965 (70 år)
San Francisco Sjå dette på Wikidata

Yrke journalist, pressefotograf, fotograf, dokumentarist, kunstnar
Organisasjon Farm Security Administration, War Relocation Authority, San Francisco Art Institute
Ektefelle Maynard Dixon, Paul Schuster Taylor Sjå dette på Wikidata
Prisar Guggenheim-stipendiet, National Women's Hall of Fame, California Hall of Fame
Dorothea Lange på Commons

Liv og virke endre

Lange var fødd i Hoboken i New Jersey, og byrja karrieren sin som fotograf i New York. Til å begynna med arbeidde ho for Arnold Genthe i portrettatelieret hans, seinare studerte ho under Clarence White ved Columbia University. Deretter reiste ho mykje rundt fram til ho til sist hamna i San Francisco, der ho opna eit portrettatelier i 1918. Ho er likevel mest kjend for dei dokumentariske fotografia sine som blei tekne medan ho arbeidde for den amerikanske Farm Security Administrasjon (FSA). FSA hyra ei rekkje fotografar til å dokumentera og informera om forholda på landsbygda i USA i 1930-åra.

 
Fotografi frå 1936 kjend under tittelen Migrant Mother er nok det mest kjende biletet teke av Dorothea Lange

Fotografiet «Migrant Mother» er truleg det best kjende fotografiet til Dorothea Lange. Det er eit interessant bilete, ikkje minst fordi det synleggjer noko av vesenet til dokumentarfotografiet, nemleg iscenesetting. Fotografiet er det siste i ein serie på seks, alle med ulike utsnitt og poseringar. Lange fortalde på eit seinare tidspunkt at ho bad barna venda seg bort for å gje biletet eit sterkare uttrykk. Lange viste bileta til redaktøren av San Francisco News, som kontakta dei føderale styresmaktene. Då avisa hadde trykt to av fotografia til Lange var det med ei melding om at styresmaktene gav kring ti tonn matvarer for å redda dei sveltande landarbeidarane.

I 1941 blei Lange, som fyrste kvinne, tildelt Guggenheim Fellowship for arbeidet sitt med fotografi. Kort tid etter byrja ho å arbeida for War Relocation Authority (WRA) for å dokumentera flyttinga av japansk-amerikanarar frå California våren 1942.

I 1952 var Lange med på å skipa fotomagasinet Aperture.

I 1950-åra og 1960-åra laga ho ei rekkje fotoessay på bestilling frå tidsskriftet Life og andre magasin frå Irland, Asia og Egypt, og om konsekvensane av den kraftige veksten i California i etterkrigstida. Då Lange døydde i 1965 blei fotografisamlinga hennar med meir enn 25 000 bilete gjevne til Oakland Museum of California.

 
Broke, baby sick, and car trouble!. Fotografi frå 1937 av ein Missouri familie på fem i nærleiken av Tracyi California.

Kjelder endre

[[Kategori:Folk frå New Jersey]