Dorrit Willumsen

dansk forfattar

Dorrit Willumsen (fødd 31. august 1940 på Nørrebro i København) er ein dansk forfattar. Ho debuterte i 1965 med novellesamlinga Knagen og har sidan fått utgjeve ei rekkje romanar, dikt- og novellesamlingar.

Dorrit Willumsen

Statsborgarskap Danmark
Fødd 31. august 1940 (83 år)
Nørrebro, København
Yrke skribent, manusforfattar, romanforfattar, lyrikar
Språk dansk
Ektefelle Jess Ørnsbo

Det eigentlege gjennombrotet fekk Willumsen med romanen Marie frå 1984. Romanen handla om livet til Madame Tussaud og dei kostnadane kunstnarvirket kan ha for kjærleikslivet.

I 1986 utkom ei sjølvbiografisk erindringsbok kalla Suk hjerte.

Romanen Klædt i purpur, som kom ut i 1990, vart seinare omarbeidd for teater. Høyrespela Ud af billedet og Så længe smerten er usynlig kom ut i 1992.

I 1997 vart ho tildelt Nordisk Råds litteraturpris for Bang: en roman om Herman Bang. Sidan 1980 har ho fått kunstnarløn frå den danske staten..

Willumsen har sidan 1963 vore gift med lyrikaren Jess Ørnsbo. Saman har dei sonen Tore Ørnsbo som også er lyrikar.

Prisar og utmerkingar endre

Bibliografi endre

  • 1965 – Knagen, novellesamling
  • 1967 – Stranden, roman
  • 1968 – Da, roman
  • 1970 – The, krydderi, acryl, salær, græshopper, roman
  • 1973 – Modellen Coppelia, noveller og dikt
  • 1974 – En værtindes smil
  • 1976 – Kontakter, dikt
  • 1976 – Neonhaven, roman
  • 1978 – Hvis det virkelig var en film, noveller
  • 1980 – Danske fortællinger, noveller
  • 1980 – Manden som påskud
  • 1982 – Programmeret til kærlighed
  • 1983 – Umage par, dikt
  • 1984 – Marie: en roman om Marie Tussauds liv
  • 1985 – Caroline, skodespel
  • 1988 – Suk hjerte, roman
på norsk:
1986 – Sukk hjerte omsett av Annie Riis
  • 1989 – Glemslens forår, noveller.
  • 1995 – Klædt i purpur, historisk roman
  • 1997 – Bang : en roman om Herman Bang
på norsk:
1997 – Bang : en roman om Herman Bang omsett av Knut Johansen
  • 1997 – De kattens feriedage, munter forteljing
  • 2000 – Koras stemme, roman
  • 2001 – Tøs : et hundeliv
  • 2003 – Bruden fra Gent, roman
  • 2005 – Den dag jeg blev Honey Hotwing, novellesamling
  • 2008 – Dage med slave, roman

Bakgrunnsstoff endre