Dosso Dossi, eigentleg Giovanni di Luteri, (ca 14861542) var ein italiensk målar. Han vert rekna til den såkalla Ferrara-skulen og døydde i nettopp Ferrara.

Dosso Dossi

Sjølvportrett
Fødd 1480-åra
Mirandola
Død

august 1542
Ferrara

Yrke kunstmålar
Sjanger historiemåleri, landskapsmåleri
Dosso Dossi på Commons

Liv og gjerning endre

 
Mytologisk scene, ca. 1524

Dossi var truleg elev av Lorenzo Costa, og vart sterkt påverka av venetiansk kunst. I 1512 var han i arbeid i Mantova og i 1532 i Trento. Elles arbeidde han mest i Ferrara, der han frå 1514 var i sysla til fyrstehuset i byen, lengste tida som leiande hoffmålar. Her arbeidde han også med utsmykkingar av teaterrom og keramikk, såkalla majolikaer.

Han måla både altarbilete og mytologiske og allegoriske framstillingar. Dei fleste tema henta han frå antikken og frå kristendomen. Eit visst romantisk drag i ein del verk kan vere inspirert av venen og åndsbroren Ludovico Ariosto. Mellom andre laga Dossi bilete som det allegoriske Dei tre stadia i menneskelivet, dei antikke Circe og elskarane hennar i eit landskap og Aeneas og Akhates ved den libyske kysten, samt Kristi fødsel og Kvile under flukta frå Egypt, begge med tema frå Bibelen. Han måla elles fleire gode portrett, mellom andre av hertugen Herkules II av Este.

Dossi var den leiande målaren i Ferrara i det 16. hundreåret. Han merka seg særleg ut gjennom bruken av lysande fargar, og elles med fantasi og humor. Dossi forma også det reine sjangermåleriet og la mykje arbeid i attgjevinga av dei små ting, som frukt og blomar. Han arbeidde ein del i lag med broren Battista Dossi; fleire veggmåleri i Ferrara-slottet og ein heil del andre verk synest å ha kome i stand gjennom dette arbeidsfellesskapet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Dosso Dossi