Down by the Seaside

Down by the Seaside
Song av Led Zeppelin
frå albumet Physical Graffiti
Utgjeve 24. februar 1975
Innspelt 1971
Sjanger Countryrock
Lengd 5:16
Selskap Swan Song
Låtskrivar(ar) Page/Plant

«Down by the Seaside» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti, frå 1975.

Oversyn endre

Songen vart opphavleg skriven som eit akustisk stykke av Jimmy Page og Robert Plant iBron-Yr-Aur, ei hytte i Wales der dei oppheldt seg etter ein turne i 1970.[1][2] Han vart så spelt inn i 1971 med eit elektrisk arrangement og var meint for Led Zeppelin IV, men kom ikkje med her til slutt, og vart sidan gjeven ut på Physical Graffiti for å fylle opp dobbeltalbumet.

Songen skiftar mellom rolege og hardrock-delar. På dei lettare delane nyttar Page ein tremoloeffekt på gitaren. John Paul Jones spelar ein Hohner "Electra-Piano" elektrisk piano på songen.

«Down by the Seaside» vart aldri spela på nokon av konsertane til bandet.[2]

Plant spela seinare «Down by the Seaside» som ein duett med Tori Amos for hyllestalbumet til Led Zeppelin, Encomium i 1995.

Neil Young-påverknad endre

Songen var inspirert av Neil Young.[2] Tittelen kan vere ein referanse til songen «Down by the River» og den noko nasale vokalen til Plant kan vere ein referanse til den særeigne stemma til Young. Plant hadde lenge vore tilhengjar av musikken til Young og Stephen Stills. Då han spela i Band of Joy, spela dei Buffalo Springfield sin «For What It's Worth», som no finst på samleplata til Plant, Sixty Six to Timbuktu.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. Phil Sutcliffe, "Back to Nature", Q Magazine Special Led Zeppelin edition, 2003, s. 34.
  2. 2,0 2,1 2,2 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.