Drôme

franske departement
For elva med same namn, sjå elva Drôme
Drôme
Våpenskjoldet til Drôme
Plassering
[[Fil:{{{kart}}}|180px|Plasseringa til Drôme i Frankrike]]
Administrasjon
Departmentnummer: 26
Region: Rhône-Alpes
Préfecture: Valence
Sous-préfectures: Die
Nyons
Arrondissement: 3
Kantonar: 36
Kommunar: 369
Président du conseil général: Didier Guillaume
Statistikk
Folketal Rangering 53.
 -2007 473 428
Folketettleik: 73/km²
Landareal¹: 6 530 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Drôme er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Rhône-Alpes, og er kalla opp etter elva med same namn.

Historie endre

Drôme er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna av den tidlegare provinsen Dauphiné.

Geografi endre

Departementet er i dag ein del av regionen Rhône-Alpes og grensar til departementa Ardèche, Isère, Hautes-Alpes, Alpes-Maritimes, Alpes-de-Haute-Provence og Vaucluse.

Grensene til departementet har vorte endra fleire gonger. Første gong var då Comtat Venaissin vart innlemma i 1792 og den andre då departementet Vaucluse vart oppretta i 1793. Vacluse har ein enklave, Kantonet Valréas (Enclave des Papes), som er omgjeve av Drôme.

Demografi endre

Innbyggjarane i departementet vert kalla drômois.

Største byar endre

Økonomi endre

Drôme er ein av industrisektorane i Frankrike som veks raskast. Han er svært allsidig, og inkluderer plastikkproduksjon, stort maskineri, innpakking, næringsmiddelindustri og høgteknologi.

Det økonomiske hjarte i departementet ligg i vest, ved sida av Rhône.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Drôme