Drøbak (på gamalnorsk Drjúgbakki, 'dryg-bakken') er ein tidlegare kjøpstad, og no by og administrasjonssenter i Frogn kommune i Akershus fylke. Han har 13 628 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg på austsida av Drøbaksundet i Oslofjorden. Fram til 1963 var Drøbak eigen kommune.

Drøbak
tettstad
Oscarsborg festning sett frå Drøbak.
Land  Noreg
Fylke Akershus
Kommune Frogn
Areal 5,52 km²
Folketal 13 628  (2023)
Folketettleik 2 469 / km²
Kart
Drøbak
59°40′00″N 10°38′00″E / 59.666666666667°N 10.633333333333°E / 59.666666666667; 10.633333333333
Wikimedia Commons: Drøbak
Torget i Drøbak
Avistegnernes Hus er eit spesialisert, særeigent kunstgalleri i Drøbak.

Namnet endre

Det gammalnorske namnet var Drjúgbakki. Det første leddet drjúgr tyder 'hard; lang' medan det siste er bakki, altså hard eller lang bakke. Bakken namnet knyter seg til er den lange, bratte bakken opp frå sjøen. Denne var i gamle dagar ei viktig ferdselåra inn mot Oslo. Når den indre Oslofjord ikkje var seglebar om vinteren, var Drøbak siste isfrie hamn. Gods vart derfor frakta til og frå Drøbak landevegs.

Historie endre

Drøbak og Frogn sokner vart skilt ut som eige prestegjeld frå Ås prestegjeld ved kgl. res. 8. september 1823.

Drøbak fekk kjøpstadsrettar 20. august 1842 og vart med det ein by; den einaste i Akershus på den tida. I 1962 avgjorde Schei-komiteen at Drøbak skulle opphøyre som eigen kommune og innlemmast i Frogn landkommune. Dermed hadde ikkje Drøbak lenger bystatus i juridisk forstand. Drøbak fekk tilbake bystatusen i 2006, etter vedtak i kommunestyret. Den tidlegare motorsagprodusenten Jobu låg i Drøbak.

Oslofjorden er på det smalaste i Drøbaksundet, og når det er strenge vintrar kan fjorden fryse igjen frå Drøbak til Oslo. I gamle dagar fungerte derfor Drøbak som vinterhamn for Oslo.

Blücher endre

Ei viktig hending i historia til Drøbak var senkinga av den tyske kryssaren «Blücher» under det tyske åtaket på Noreg morgonen den 9. april 1940. Kryssaren transporterte tyske soldatar og byråkratar for planlagt overtaking av Oslo. Men kommandant EriksenOscarsborg festning, på andre sida av Drøbaksundet, gav på eige initiativ ordren om å skyte på kryssaren. Krigsskipet sokk og dette forseinka den tyske invasjonen. Det var nok til at regjeringa, stortinget og kongefamilien kunne evakuerast, og til at gullreservane vart redda unna okkupantane.

Turisme og kultur endre

Drøbak er kjent både som badeby og nisselandsby, og har noko turisme. Byen har mange pittoreske, gamle hus. Dei mange kunstgalleria, småbutikkane og utstillingane trekkjer mange vitjande til byen sommarstid. Då er torget – og særleg stranda – full av menneske. Byen har òg julenissen sitt postkontor.

Ved Badeparken ligg Drøbak kyrkje, og kjend som Vår Frelsers kyrkje, som vart vigsla til kyrkje den 29. oktober 1776. Ho er inspirert av Vår Frelses kyrkje i Kristiania, den noverande Oslo Domkyrkje.

Follo Museum ligg i Drøbak.

Drøbak vert gjerne kalla «badebyen», dette fordi byen har mange strender og var i gamle dagar ein populær badestad for Oslofolk. Av strender i Drøbak finn ein mellom anna Badeparken, Parrstranda, Torkhildstranden og Skiphelle.

Kjende innbyggjarar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre