Dracula er ein roman av den irske forfattaren Bram Stoker (1847-1912). Romanen kom ut fyrste gong i 1897. Boka blir rekna som meisterverket til forfattaren, men Stoker fekk ikkje sjølv oppleve suksessen til boka. Bram Stoker baserte forteljinga si på vampyrlegender frå Søraust-Europa. Boka har danna grunnlaget for ei rekke filmar og hatt stor innverknad på spanings- og grøssarforteljingar frå 1920-åra og fram til i dag.

Dracula
Dracula

Forfattar(ar)Bram Stoker
Språkengelsk
Blei til1890-åra
Sjangerbrevroman, invasjonslitteratur, gotisk fiksjon, vampire fiction, grøssar
Utgjeven26. mai 1897
IllustratørPierre Falké
Sider419

Kjelder endre