Drakme (fleirtal drakmar; gresk δραχμή, pl. δραχμές) er:

  1. Tidlegare valuta i Hellas som vart bytt ut med euroen og
  2. Gamal mynteining som vart brukt i Hellas før Alexander den Store
Ein Drakme
6 obolar = 1 drakme
100 drakmar = 1 mina
6000 drakmar = 1 talent (athensk standard)

Ordet drakme kjem frå verbet drassomai (δρασσομαι), som tyder å gripe. Den opphavlege tydinga kan difor truleg best verte sett om som ei handfull. Dette utvikla seg til ei fast eining, opphavleg seks jernstenger av spesifikk lengd og tjukn. Talet vart teke vare på i inndelinga av drakmen i 6 obolar. Som mynteining rekna ein sølvverdien av dette, ca. 4,5 til ca. 6 gram sølv, eller tilsvarande verdi i anna metall. Den oftast brukte mynten var tetradrakmen, det vil seie fire drakmar (ca. 18 til ca. 24 gram sølv). Det er ikkje mogleg å samanlikne verdien direkte med moderne valutaer, men det kan nemnast at i 1. hundreåret f.Kr. var dagsløna for ein kroppsarbeidar om lag 1 drakme.

Den moderne mynteininga vart innførd etter at Hellas vart uavhengig i 1829. Han var delt i 100 lepta; på grunn av kraftig inflasjon etter andre verdskrigen og den påfølgjande borgarkrigen fall lepta-myntane etterkvart ut av bruk.

Hellas knytte valutaen sin til euroen 1. januar 2001 var kursen fastsett til 340,75 drakmar for 1 euro. Drakmemyntar og -setlar vart framleis brukte inntil nye euromyntar og -setlar vart innførde 1. januar 2002. Drakmen var på det tidspunktet den eldste mynteininga som var i bruk, men ikkje den eldste som har vore i kontinuerleg bruk.