Drangey ('Drangøy' på norsk) er ei øy midt i SkagafjörðurIsland med bratte klipper på alle kantar. Øya er restane av ein 700 000 år gamal vulkan og består hovudsakleg av vulkansk tuff.

Drangey

Han vart først nemnd i Soga om Grette som tilfluktsstaden til den fredlause Grette Åsmundsson, som budde sine sist år her i lag med bror sin Illugi og slaven hans Glaumur. Seint på hausten 1031 vart Grettir myrda av Þorbjörn Öngull.

Ei gamal segn seier at to troll, ein mann og ei kvinne, skal ha reist over fjorden med kua si då sollyset brått steig opp av havet og alle tre vart til stein. Drangey representerer kua og Kerling, kvinnetrollet, ligg sør for ho. Det andre trollet er Karl, som ligg nord for øya, men han forsvann for lenge sidan.

Fugleliv og fangst endre

Fuglelivet på Drangey er variert og yrande og dei vanlegaste artane er lomvi, alkefuglar og lundefugl. Lomviane hekkar i klippene, medan alkene held seg i djupe sprekker under klippene. Lundefuglen grev seg derimot holer på kanten av klippene. I tillegg til desse hekkar krykkje og havhest i klippene, og i tillegg finn ein ramn og falk på øya.

Drangey har i lange tider vore vårbod for dei lokale innbyggjarane. Kvar vår vitja dei øya for å samle inn egg og fuglar. Dei nytta tau for å klarte dei bratte klippene etter egg, medan fuglane vart fanga med flåtar under klippene. Desse flåtane vart dekte av fuglesnarer av hestehår. Fuglefangarane heldt stort sett til i skur på stranda heilt sør på øya. Frå her la dei òg ut på fiske i båtane sine. På det meste var opp mot 200 mann involvert i fuglejakta og på det meste fanga dei rundt 200 000 fuglar. Bruken av snarer vart avvikla i 1966.

Kjelde endre

65°56′11″N 19°40′45″W / 65.93639°N 19.67917°W / 65.93639; -19.67917