Drenica

elv i Kosovo

Drenica (serbisk Дреница; albansk Drenica) er ei elv i Kosovo med ei lengd på 50 km. Ho er ei sideelv til Sitnica frå høgre. Heile elva renn gjennom Kosovo og har gjeve namn til regionen med same namn.

Drenica (Дреница)
elv
Land  Kosovo
Nedslagsfelt 447 km²
Lengd 50 km
Kjelde Crnoljeva nordvest for Štimlje i Kosovo
Munning Sitnica, nordvest for Kosovo Polje i Kosovo
Kart
Drenica
42°28′28″N 20°58′25″E / 42.474305555556°N 20.973611111111°E / 42.474305555556; 20.973611111111
Wikimedia Commons: Lumi Drenica

Drenica spring ut frå sentrale område av fjellet Crnoljeva. Det ligg fleire store landsbyar i dalen, og den vesle byen Glogovac. Like før ho munnar ut i Sitnica nær byen Kosovo Polje, deler ho seg i to greiner. Elva høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet og har sjølv eit nedslagsfelt på 447 km².

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Kosovo å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.