Drogheda (irsk Droichead Átha) er ein industri- og hamneby i Republikken Irland. Han ligg i County Louth i provinsen Leinster på austkysten av Irland, 56 km nord for Dublin. Byen har 35 090 innbyggjarar (2006) og er den sjette største i landet, så vidt større enn Dundalk, som er administrasjonssete i County Louth, med 35 085 innbyggjarar (2006).

Drogheda
Byvåpenet til Drogheda
Byvåpenet til Drogheda


Plassering
Drogheda is located in
Styresmakter
Land
Provins
Grevskap
Irland Irland
Leinster
County Louth
Grunnlagd 911
Geografi
Flatevidd
 - By

km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
 - Byområde

35 090
28 973
Koordinatar 53°42′50″N 6°21′1″W / 53.71389°N 6.35028°W / 53.71389; -6.35028
Diverse annan informasjon
Heimeside: www.droghedaboro.ie

Elva Boyne renn gjennom byen og fram til 1898 var byen delt mellom County Meath og County Louth, sidan grensa mellom dei gjekk langs elva.

Historie endre

Byen ligg nær staden Newgrange, ein gravhaug frå om lag 3200 f.Kr. Ein handelsplass og ein busetnad har eksistert på staden sidan romartida og vart då kalla Inver Colpa. Sjølve byen vart grunnlagd i 911 av danskar og fekk offisiell bystatus i 1194. Det irske parlamentet flytta til byen i 1494. Byen vart omleira to gonger under dei irske sambandskrigane. Under den andre omleiringa vart han erobra av Oliver Cromwell i september 1649 som ein del av Cromwell si erobring av Irland, der Cromwell massakrerte dei rojalistiske styrkane. Slaget ved Boyne i 1690 stod berre 6 km vest for byen ved breidda av elva Boyne ved Oldbridge.

Drogheda sitt byvåpen viser ei stjerne og ein månesigd og har sitt opphav frå Rikard I av England (Løvehjarta), då Drogheda fekk byrettar Hugh de Lacy i 1194 under hans regjeringstid.

Jarledømet Drogheda vart danna i adelskalenderen i Irland i 1661.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre