Drohobytsj (ukrainsk Дрогóбич; polsk Drohobycz) er ein by som ligg ved samløpet mellom elvane Tysmenytsia og Seret i Lviv oblast (provins), vest i Ukraina. Byen har kring 80 000 innbyggjarar (2010), medan storbyområdet har litt over 100 000 innbyggjarar. Dei fleste tilhøyrer den ukrainske gresk-katolske kyrkja, men det er òg mange ukrainsk-ortodokse.

Drohobytsj
Дрогóбич
by
Gate i sentrum av Drohobytsj
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Lviv oblast
Koordinatar 49°21′00″N 23°30′00″E / 49.35000°N 23.50000°E / 49.35000; 23.50000
Areal 41,0 km²
Folketal 78 368  (2005)
Folketettleik 1 911 / km²
Først nemnd 1387
Borgarmeister Oleksij Radzievskyj
Kart
Drohobytsj
49°21′N 23°30′E / 49.35°N 23.5°E / 49.35; 23.5
Wikimedia Commons: Drohobych
Nettstad: http://drohobych.com

Byen er for første gongen nemnd i eit dokument frå 1387. I mellomalderen låg slottsborga Tustan her. Byen låg i denne perioden under Polen. Frå 1772 vart Drohobytsj og Galizia liggjande under Austerrike-Ungarn. Etter første verdskrigen vart byen igjen polsk, før han i samband med andre verdskrigen tilfalt Ukraina og Sovjetunionen.

Drohobytsj var heimbyen til den kjende jødiske forfattaren og målaren Bruno Schulz, som gjennom heile forfattarskapen sitt skildra heimbyen sin, overgangen mellom ulike tider, mytar og røyndom. Ivan Franko vart òg fødd i nærleiken av Drohobytsj, i landsbyen Nahujevitsji.

Historiske folketal endre

  • 1931 — 32 300 innbyggjarar
  • 1959 — 42 000 innbyggjarar
  • 1970 — 56 000 innbyggjarar
  • 2001 — 79 000 innbyggjarar

I 1869 hadde byen 16 880 innbyggjarar. 28,7% var ukrainarar, 23,2% var polakkar (romersk-katolske) og 47,7% var jødar. Hendingane under og etter andre verdskrigen endra den etniske samansetnaden i byen, i 1959 var dette endra til 70% ukrainarar, 22% russarar og berre eit fåtal polakkar og jødar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Drohobytsj