Drużno (polsk Jezioro Druzno; tysk Drausensee) er ein tidlegare innsjø, stundom framleis rekna som ein innsjø, nord i Polen på austsida av Wisładeltaet, nær byen Elbląg. Sidan han ikkje er djup nok til å hydrologisk verte rekna som ein innsjø og tidvis får tilsig av sjøvat frå Wisłalagunen via elva Elbląg, vert det stundom kalla eit estuar. Det vart nyleg ein del av eit naturreservat. Ein forholdsvis ny by kalla Druzno ligg ved innsjøen.

Druzno
innsjø
Land  Polen
Nedslagsfelt 1 084 km²
Areal 13–29 km²
Middeldjupn 1,2 m
Største djupn m
Koordinatar 54°4′N 19°27′E / 54.067°N 19.450°E / 54.067; 19.450
Kart
Drużno
54°04′00″N 19°27′00″E / 54.066666666667°N 19.45°E / 54.066666666667; 19.45
Wikimedia Commons: Druzno Lake

Det tyske namnet Draussensee, tidlegare kalla Drusensee, er knytt til den gamle handelsnbyen Truso, som låg der Elbląg i dag ligg. Innsjøen er langt mindre i dag enn han tidlegare var på grunn av at han er fylt ut for å gje plass til nye bygg, i tillegg til at innsjøen er fylt att med sediment.

Geografi endre

Innsjøen ligg aust for Nogat, den viktigaste høgre greina til Wisła, ved enden av det lågare deltaet (Żuławy Wiślane), som er ein region med sediment som flyttar på seg og kanalar som delvis er kontrollert av dike, demningar og grøfter og eit areal på om lag 181 km². Enkelte stader i regionen ligg 1,8 meter under havnivå. Deltaet ender ved Wysoczyzna Elbląska, som stort sett er skogkledd. Sjølve deltaområdet er tynt folkesett, trass i fleire store byar i nærleiken (Gdansk, Elblag og andre).

Innsjøen har eit areal som varierer frå 13 til 29 km² og har eit gjennomsnittleg djup på om lag 1,2 meter og eit djup på opp til 3 m. Innsjøen har utsig gjennom Elbląg. Det er berre ein høgdesklinad på 0,1 meter mellom innsjøen og Elbląskabukta, som er ein del av Wisłalagunen. Årsaka til høgdeskilnaden er at periodar med vedvarande nordleg vind i bukta så stuvar vatnet seg opp og renn inn i innsjøen.

Innsjøen er omgjeve av myrområde og orskogar.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre