Drvenik veliki (av og til kalla Drvenik veli) er ei øy i Adriahavet utanfor kysten av Kroatia. Ho ligg utanfor Dalmatia, nordvest for Šolta, og 1,8 km frå fastlandet.[1] Arealet hennar er 12,07 km², og ho har eit folketal på 168 (2001).[2] Det høgaste punktet er 178 meter høgt.[2] Den største busetnaden på øya er Drvenik, og øya vart først busett på 1400-talet.[3] I kroatiske nedskrivingar frå 1200-talet vert øya kalla «Gerona» eller «Giruan».[3] Hovudnæringane på øya er jordbruk, fiske og turisme.[3][4] Kysten av øya består av mange sand- og grusstrender.[4]

Drvenik Veliki
Satellittbilete av Drvenik veliki
Satellittbilete av Drvenik veliki
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 43.444226° N 16.145439° E

Areal 12,07 km²

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Split-Dalmatia

Demografi
Folketal 168 (2001)

Kjelder endre

  1. Fakta om Drvenik, arkivert frå originalen 11. februar 2007, henta 11. mars 2007 
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok 2006 for Kroatia
  3. 3,0 3,1 3,2 General Encyclopedia of Yugoslavian Lexicographic Institute, volume 2 (Zagreb, 1977)
  4. 4,0 4,1 peljar.cvs.hr