Duetrast

art av sporvefuglar
Duetrast
Duetrast
Duetrast
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig██  Hekkande sommargjest ██  Standfugl ██  Vintergjest (områda er omtrentlege)
██  Hekkande sommargjest

██  Standfugl ██  Vintergjest (områda er omtrentlege)

Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Trastefamilien Turdidae
Slekt: Turdus
Art: Duetrast T. viscivorus
Vitskapleg namn
Turdus viscivorus

Duetrast eller duetrost er ein fugleart i trastefamilien som finst i store delar av Europa, Asia og Nord-Afrika. Han er standfugl i sørlege delar av leveområdet, men dei nordlege og austlege populasjonane trekkjer sørover om vinteren.

Fuglen er ein stor trast med lys gråbrun overside, gråkvit hals og svarte flekkar på den svakt gule undersida. Dei to kjønna har lik fjørdrakt, men berre hannfuglen syng melodisk. Duetrast har tre underartar med små skilnader imellom seg.

Skildring endre

Utsjånad endre

Duetrasten er 26-29 cm lang og veg opp til 140 gram. Han liknar måltrasten, men er større med lengre stjert, er lysare i fjørdrakta og står meir opprett. I flukt verkar fuglen kraftfull og flyg i lengre bogar enn måltrasten. På rygg og skuldrer er duetrasten gråbrun med snev av olivenbrunt. Dei tre ytre halefjørene på kvar side har kvitt i indre kanten mot spissen. Vengedekkfjørene på undersidene er kvite. Halsen, brystet, buken og undergumpen er kvite med svartaktige runde flekker. Strupen er utan flekkar. Dei fleste fuglane har ein mørk flekk på kvar side av brystet i overkant av vengen. Austlege populasjonar er noko lysar og mindre tettprikka enn vestlege.

Læte endre

Hannfuglen har ein høg, melodisk song som liknar den til svarttrasten, men er kortare og skarpare. Denne fløytande låten er seinare og mindre variert enn den til svarttrasten, og blir gjenteken tre til seks gonger. Fuglen sit i toppen av eit tre eller ei anna høg stilling og syng, hovudsakleg frå november til tidleg i juni. Han syng mest tidleg om morgongen, og er ofte å høyra etter uvêr og i nokre høve mens det framleis regnar og blæs. Dette har gjeve han det engelske kallenamnet «stormcock».[1]

Lokkelåten, som blir brukt av begge kjønn, er «trr» eller «zrr».[1] Fuglen har også ein pipande kontaktlåt, «tuk».[2]

Levevis endre

Føde endre

Fuglen et markar, insekt og insektlarvar, og bær. Han er særleg kjend for å eta mistelteinbær, og det vanlegeaste engelske namnet på han er «mistle thrush».

 
Duetrastegg

Hekking endre

Hannen markerer territoriet med song snart etter at han er komen attende frå vinteropphaldet. Han brukar gjerne ein fast songplass, men kan også markere territoriet med songflukt. Songen held fram ut juni, men høyrest lite etter at egga er lagt. Vert eit nytt kull lagt kan songen ta seg opp igjen. Hekketerritoriet er mykje større enn tilsvarande for måltrast og svarttrast. Reiret vert plassert i bartre, ute på solide greiner. Det liknar gråtrasten sitt reir, men er noko meir slurvet bygd, og med meir mose. Duetrastane kan hekke i glisne koloniar, men oftast hekkar dei i solitære par. Reira vert forsvart kraftig mot mindre rovdyr og rovfuglar. Mot menneska er reaksjonen ulik, men oftast held fuglane seg på avstand. Fuglen kan trykke hardt på egga når dei vert forstyrra. Når ungane er komne kan duetrastane angripe på gråtrasten sitt vis.

Hoa legg 4-6 egg i mai-juni, lengst sør i landet kanskje allereie i april. Ungane vert i reiret 16-17 dagar. Foreldra forar dei to veker etter at dei er ute. Familien dreg frå hekkeområdet raskt og lever nomadisk resten av sommaren.

Utbreiing endre

Hekkeområdet til arten ligg i den vestre og sentrale delen av palearktis, frå polarsirkelen i nord til fjelltrakter i Nord-Afrika, Litleasia og Himalaya i sør.

Førekomst i Noreg endre

Fuglen hekkar på Austlandet nord til vasskiljet mot Trøndelag. Mot vest hekkar fuglen til og med Agder og til dels i Rogaland. Elles på Vestlandet og i Trøndelag er hekking sjeldsynt. I nord hekkar fuglen spreidd i furuskogane i Pasvik. Duetrasten er typisk knytt til turre og opne furuskogar med lite undervegetasjon. Han kan også finne seg til rette i kulturlandskapet, i skogkantar og treklynger.

Trekktilhøve endre

Duetrastar på trekk er lett kjennelege på den raspande læta. Dei kjem til hekkeplassane straks snøen er reist, dei første i slutten av mars, størsteparten i april. Hoa kjem ei veke etter hannen. Som andre trastar dreg dei sørover i september-oktober. Er det mykje frukt og bær kan duetrasten ein sjeldan gong overvintre. Vinterkvartera ligg lengst sør i Vest-Europa. I kalde vintrar dreg mange til Nord-Afrika.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Clement, Peter; Hathway, Ren; Wilczur, Jan (2000), Thrushes (Helm Identification Guides), London: Christopher Helm Publishers, ISBN 0-7136-3940-7  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. Hoyo, Josep del; Elliott, Andrew; Sargatal, Jordi; Christie, David A (eds.), «Mistle Thrush», Handbook of the Birds of the World Alive (Lynx Edicions), henta 10 September 2013  Subscription required. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.