Dunalastair Water

Dunalastair Water (skotsk-gælisk Loch Dhùn Alastair) er eit reservoar i Skottland som ligg mellom Loch Rannoch og Loch Tummel i Strath Tummel i Perth and Kinross. Reservoaret er bygt i samband med Tummel vasskraftverk. Innsjøen inneheld ein god del aure.

Dunalastair Water
innsjø
Sett frå sør
Land  Skottland
Innsjøtype reservoar
Høgd over havet 198 moh.
Lengd 2,5 km
Breidd 800 km
Areal 1,65 km²
Koordinatar 56°41′55″N 4°7′45″W / 56.69861°N 4.12917°W / 56.69861; -4.12917
Kart
Dunalastair Water
56°41′56″N 4°07′37″W / 56.6989°N 4.127°W / 56.6989; -4.127
Wikimedia Commons: Dunalastair Water

Oversyn endre

Dunalastair Water har eit areal på 1,65 km², og er 2,5 km lang og 800 meter brei. Det vart skapt då elva Tummel vart demd opp i 1933 som ein del av Tummel vasskraftverk. På nordsida ligg fjellet Beinn a' Chuallaich og i sør Schiehallion.

Sjølve demninga er 65 meter brei og har to flaumportar og fleire overløp på grunn av vassmengdene ein stundom treng i elva.

Biologi endre

Dunalastair Water er eit grunt reservoar og har ei middeldjpune på 1,5 meter. Dette gjev unike biologiske tilhøve for fuglar i området, og området kring innsjøen har status som Site of Special Scientific Interest. Av fuglar ein kan sjå ved innsjøen finn ein mellom anna songarar, lauvsongar, røyrdrum, fiskehegre, hegre og fuglekonge[1].

Kjelder endre