Dunstable er ein liten by i Bedfordshire i England. Han ligg ved han romerske vegen Watling Street, som i dag heiter A5.

Dunstable

Klokketårnet og marknadsplassen
Klokketårnet og marknadsplassen
Klokketårnet og marknadsplassen
Plassering
Dunstable is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Bedfordshire
Distrikt Central Bedfordshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

52 461
Koordinatar 51°53′N 0°31′W / 51.883°N 0.517°W / 51.883; -0.517
Diverse annan informasjon
Postnummer LU5, LU6
Telefon-retningsnummer 01582
Commons har multimedium som gjeld: Dunstable

Byen er kjent frå romersk tid, då han heitte Durocobrivis. I 1290 var byen ein av stoppestadane for gravfølgjet for dronning Eleanor, som gjekk frå Harby i Lincolnshire til Westminster Abbey i London. Eit Eleanorkors vart reist til minne om dette. Han var ein viktig kjøpstad i mellomalderen, men mista mykje av tydinga si etterkvart som Luton voks.

Fleire bygningar frå mellomalderen er verna, blant anna Dunstable Priory, hovudkyrkja i byen, der Thomas Cranmer sette ned ein kyrkjeleg domstol som erklærde ekteskapet til Henrik VIII for ugyldig i 1533, og rett ved kyrkja ein pub, «The Norman King» som vart bygd omkring 1109 som del av landstaden til Henrik I.

Dunstable ligg på den austlege ytterkanten av Chiltern Hills, ei rekkje av kalkavsettingar som er klårt synlege når ein kjem til byen nordfrå.

Ein av dei viktigaste arbeidsplassane for Dunstable-innbyggjarane har vore Vauxhall-fabrikken i Luton, men denne vart nedlagt i 2002, og arbeidsløysa er difor forholdsvis høg.

Whipsnade Wildlife Park, ein dyrepark med frittgåande dyr, ligg like utanfor byen.

Kjelder endre