Dusørjeger er ein person som tek på seg å arrestere etterlyste kriminelle personar og overlevera dei til styresmaktene mot betaling av ein dusør.

Brasiliansk dusørjeger måla av Johann Moritz Rugendas i 1823.

Det er berre lovleg å opptre som dusørjeger i USA og på Filippinane.[1] Her kan styresmakter oppgje dusør for pågripinga av ein person, til skilnad frå andre land der ein kan gje dusør for opplysingar som fører til at politiet pågrip den etterlyste personen. I land utan denne ordninga er verksemd som dusørjeger ulovleg, og kan reknast som ulovleg frihetsrøving eller kidnapping.[2]

I kulturen endre

Rolla som dusørjeger (engelsk bounty hunter) er vanleg i populærkulturen. Ein finn henne mellom anna i westernar, og av og til i science fiction, der intergalaktiske dusørjegerar jaktar brotsfolk gjennom heile universet.

Kjelder endre

  1. CareerAddict, How to Become a Bounty Hunter, 13. november 2018
  2. «Above the law: US bounty hunters». BBC news (på engelsk). Henta 14. oktober 2020.