Dvergmus

pattedyrart
Dvergmus
Dvergmus
Dvergmus
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av dvergmus
Utbreiinga av dvergmus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Overfamilie: Muroidea
Familie: Musefamilien Muridae
Underfamilie: Murinae
Slekt: Micromys
Art: Dvergmus M. minutus
Vitskapleg namn
Micromys minutus

Dvergmusa er eit pattedyr som høyrer til musefamilien. Ho er knøttlita; vekta på vaksne dyr er mellom tre og elleve gram, oftast seks til åtte gram (eit vakse lemen kan til samanlikning vege over det tidoble). Ho minner om skogmusene med den relativt lange halen sin, men skil seg frå dei med mellom anna forhaldsvis mindre øyrer. Pelsfargen på ryggsida er hjå vaksne dyr om somaren varmt gulbrun, ungar og dyr i vinterpels er meir gråbrune.

Arten lever for ein stor del av frø og annan plantekost. Dvergmusa tek også insekt, særleg om vinteren. Om sommaren finn ho mykje av føda oppe i vegetasjonen. Ho klatrar godt, og brukar halen som eit ekstra gripeorgan. Om vinteren lever ho for det meste nede på bakken. Ho kan då kome inn i høyløer og kornlager, men i Danmark, der ho er vanleg, vert ho ikkje rekna som eit skadedyr.

Dvergmusa byggjer bol oppe i vegetasjonen, og det er gjerne desse som er det fyrste teiknet på at arten finst i eit område. Bolet er kulerundt med ein diameter på seks til ti cm. Det vert fletta inn i vegetasjonen frå ein halv til ein meter over bakken. Fordi graset som utgjer den ytre delen av bolet ikkje vert gnagd av, held det grønfargen heilt til på hausten og syter for god kamuflasje. Oppe i bolet er dvermusa nokså trygg for somme rovdyr nede på bakken, til dømes røyskatt. Plasseringa gjev også vern mot flaum.

Ungane vert fødde i bolet. Ei ho kan få opptil sju kull i løpet av eitt år. Kvart kull er til vanleg på to til seks ungar, men det kan kome opptil ti ungar i kullet.

Dvergmusa vart oppdaga i Noreg så seint som i 2001. Det skjedde i Eidskog, sør for Kongsvinger i Hedmark. Det er ukjend kor lenge artem har vore i Noreg, men i Sverige vart ho oppdaga fyrste gong i 1985. Der er ho no funnen i eit avgrensa område i Dalsland og Värmland. Ein trur at førekomsten i Noreg kan vere innvandra frå Sverige.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre