Dvergrikse

fugleart
Dvergrikse
Bilete frå nordre Victoria i Australia Foto: Jason Girvan
Bilete frå nordre Victoria i Australia
Foto: Jason Girvan

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Dvergrikse
Utbreiinga av Dvergrikse
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Tranefuglar Gruiformes
Familie: Riksefamilien Rallidae
Slekt: Zapornia
Art: Dvergrikse P. pusilla
Vitskapleg namn
Porzana pusilla

Dvergrikse (Porzana pusilla) er ein vassfugl i riksefamilien. Denne litle riksa har utbreiing i Afrika, Asia og Australasia. I Europa hekkar ho nord for Svartehavet og sparsamt på få og små, oppstykka område frå Iberia til søraustre Europa.

Skildring endre

Dvergriksa er særs lita, ca. 16-18 cm i kroppslengd og 40 gram i kroppsmasse. Vaksne fuglar har kanelbrun overside med svarte og kvite teikningar. Sidene av hovudet, nedover til bryst og undersida er blygråe. Kroppsidene, buken frå litt framføre beina og bakover med undergumpen er i svart med kraftige kvite tverrstriper. Kjønna er mykje like, ungfuglar er lysare med tverrstriper fram til halsen. Nebbet og beina er grønlege, auga er raude.[1] Dvergriksa er vanskeleg å skilje frå sumprikse i utsjånad, sistnemnde berre ein cm større og har ein raud flekk ved nebbrota.[2]

Denne arten lever i eit samanhengande område frå Ukraina i Europa, tvers over sentrale Asia til nordaustlege Kina og Japan. Dessutan lever ho i sørlege og austlege Afrika, Søraust-Asia og over Australasia til New Zealand.[3] I Europa og sentrale Asia er ho trekkfugl. Overvintringsområde ligg i Afrika,[2] India, Malayahalvøya og Filippinane.[4] I andre delar av utbreiingsområdet, som på New Zealand, er dvergriksa ein standfugl.

 
Dvergrikseegg
Film

Føda er ei blanding av animalske og vegetabilske kjelder. Dei tar frø frå vassplantar og et av eit utval av virvellause dyr.

Hekkehabitata ligg i fuktige område med vegetasjon av storr og takrøyr, og dei lever elles i våtmarker og på estuar.

Reira er plasserte 30-40 centimeter over vassflata. Storleiken på kulla varierer stort, typisk 6 egg. Begge kjønn rugar i 16-20 dagar.

Arten har status som livskraftig, og bestanden er estimert til å ligge mellom 13 000-37 000 individ (2006).[5]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  2. 2,0 2,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  3. Kart med vising av utbreiinga, på nettstaden til IUCN Red List
  4. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012 
  5. BirdLife International (2013) Species factsheet: Porzana pusilla Arkivert 2013-05-06 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 4. mai 2013.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Dvergrikse