Dyreeventyr er ei form for eventyr der dyr har hovudrollene og handlar som menneske.[1][2] I Aarne-Thompson-systemet har dyreeventyra nummer frå 1 til 299.[2]

Illustrasjon til dyreeventyret «Reveenka» (AT 65)

Dyreeventyra er gjerne korte, med ein enkel struktur. Mange av dei kan minna om fablar.

Dyreeventyr er blant dei mest populære eventyra på norsk, og mange er kjende i ei rekkje variantar. Nokre av dei er «Reveenka», «Hvorfor bjørnen er stubbrumpa» og «Slipp granrot og ta i revefot».

Kjelder endre

  1. «eventyr», Den Store Danske (på dansk) (Gyldendal), henta 11. januar 2019 
  2. 2,0 2,1 «Dyreeventyr (AT 850 - AT 999)», www.hf.uio.no (Institutt for kulturstudier og orientalske, UiO), arkivert frå originalen 11. januar 2019, henta 11. januar 2019 

Bakgrunnsstoff endre