Denne artikkelen er om den russiske byen. For kommunistleiaren, sjå Feliks Dzerzjinskij

Dzerzjinskij (russisk Дзержи́нский) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Moskva, 20 km sør for Moskva sentrum.

Dzerzjinskij
Дзержинский
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Dzerzjinskij Byåpenet til Dzerzjinskij
Flagget til Dzerzjinskij Byvåpenet til Dzerzjinskij


Plassering
Dzerzjinskij is located in Russland
Dzerzjinskij is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Grunnlagd
Bystatus
1921
1981
Geografi
Flatevidd
 - By

16 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

44 306
  2 769,1 /km²
Koordinatar 55°38′N 37°51′E / 55.633°N 37.850°E / 55.633; 37.850
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) 495
Nettstad: www.ugresh.ru

Industrien i byen består av eit varmekraftverk, ein betongfabrikk og kjemisk industri.

Historia til byen er nært knytt til Nikolo-Ugresjklosteret, som ligg midt i byen. Klosteret vart grunnlagt ca. 1380 etter ordre frå knjaz Dmitrij Donskoj, og kalla opp etter St. Nikolas, som Donskoj i følgje segna såg i ein draum medan han gjorde seg klar til det lange felttoget mot horden til Mamai.

Grunnlegginga av byen vert rekna som 1921. I 1938 fekk busetnaden status som urbanliknande busetnad, og han fekk bystatus i 1981.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.