East Fortune er ein landsby i regionen East Lothian i Skottland. Han ligg omkring 3 km nord for East Linton.

East Fortune

East Fortune House Doocot
East Fortune House Doocot
East Fortune House Doocot
Plassering
East Fortune is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region East Lothian
Geografi
Koordinatar 56°1′N 2°41′W / 56.017°N 2.683°W / 56.017; -2.683
Diverse annan informasjon
Commons har multimedium som gjeld: East Fortune

Området dominerast av ein flyplass som ikkje lenger er i bruk. Han vart konstruert i 1915 som ein del av arbeidet for å verne Storbritannia mot åtak med tyske luftskip under første verdskrigen.

I 1922 vart East Fortune Hospital reist. Dette var eit tuberkulosesanatorium for det søraustlege Skottland fram til andre verdskrigen. Etter krigsubrotet vart flyplassen teke i bruk igjen, no som treningsflyplass. Sjukehuset opna igjen etter krigen. Etterkvart som mengder tuberkulosetilfelle byrja å falle, vart det i 1956 omgjort til eit psykiatrisk sjukehus. Det vart nedlagt i 1997.

I ein kort periode i 1961 vart flyplassen opna igjen for å fungere som flyplass for Edinburgh under ombygging av den vanlege flyplassen til byen. I 1975 vart National Museum of Flight opna, og dette har trekt mange turistar til East Fortune. Mellom har ein Concorde, som vart kjøpt inn etter at denne flytypen vart teke ut av trafikk.

Kjelder endre