Echoes

song av Pink Floyd
Echoes
Song av Pink Floyd
frå albumet Meddle
Utgjeve 30. oktober 1971
Innspelt Januar – august 1971
Sjanger
Lengd 23:31
Selskap Harvest
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar)
Produsent Pink Floyd

«Echoes» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd på albumet Meddle frå 1971. Songen er komponert av heile bandet (Roger Waters, Richard Wright, David Gilmour og Nick Mason), og med sine 23:31 minutt tar den opp heile B-sida på vinylutgåva med lange instrumentalparti, lydeffektar og rockeimprovisasjon. Det er den tredje lengste songen av Pink Floyd, og berre Atom Heart Mother (23:44) og dei kombinerte delane av «Shine on You Crazy Diamond» (26:01) er lengre. I motsetnad til desse to musikkstykka, er ikkje «Echoes» delt inn i separate delar, men komposisjonen er likevel laga av separate musikkstykke. Seinare vart songen delt i to delar i opninga og slutten av filmen Live at Pompeii.

Komposisjon endre

Overhead the albatross
Hangs motionless upon the air
And deep beneath the rolling waves
In labyrinths of coral caves
An echo of a distant time

Roger Waters (1971)

«Echoes» er ein av dei mest ambisiøse Pink Floyd-songane. Teksten byrjar med eit maritimt tema, inspirert av den sonarliknande lyden Wright laga på flygelet sitt gjennom ein roterande Lesliehøgtalar (dette vart gjort som eit eksperiment i starten av innspelinga av Meddle). Improviserte tonar med dei same pianolydane kjem gradvis inn og byggjer seg gradvis opp frå tilsynelatande tilfeldige tonar til meir melodiøse tonar. Gilmour kjem så inn med ein mjuk gitarsolo. Bass og trommer kjem etter kvart inn, og til slutt byrjar første vers. Versa vart sunge av Gilmour og Wright i roleg harmoni. Opningsteksten plasserer lyttaren under vatn med tekstlinjer som «everything is green and submarine». Akkordrekkja C♯m, G♯m, F♯m, G♯ hintar om musikalske tema på seinare album.

Gilmour spelar eit kromatisk riff mellom versa, i lag med A og C#m akkordar, som etter kvart glir over i den andre soloen hans. Trommene vert meir kraftfulle og gitaren ligg i eit høgare register enn i introduksjonen. Den andre soloen til Gilmour fører til den første breaken i songen. Gitarsoloen og riffa i bakgrunnen vert bytta ut med eit tromme- og bassparti med eit komp som nesten grensar opp mot funk.

Den tredje gitarsoloen byrjar over dette kompet og ber meir preg av improvisasjon. Wright spelar korte fraser på hammondorgelet, som sakte aukar i intensitet. Heile kompet vert etter kvart gradvis svakare og gitaren vert meir og meir fjern. Ein kan så høyre ein pulserande vindliknande lyd, som Waters laga på bassgitaren sin. Denne lyden aukar i volum, og ein «skrikande» gitarlyd kjem inn, som etterliknar lyden av kvalsong. Denne effekten vart oppdaga av Gilmour då han ved eit uhell sette kablane i wahpedalen inn i motsett retning.[2] Konsertversjonar av songen «Embryo» av Pink Floyd i 1970 brukte òg denne lyden.

I den andre halvdelen av dette mellomspelet vert «skrika» svakare, og ein kan høyre lydar av kråker. Gradvis vert lyden av ein akkord på eit Farfisaorgel sterkare, og ein får ein reprise av dei sonarliknande lydane frå introen i lag med gitarlydar. Dette lydbilete gjev ei kjensle av oppklaring i lufta og minkande vind etter ein kraftig storm. Gilmour byrjar å spele dempa tonar frå H til F# til D til E (som rytmisk minnar om «Another Brick in the Wall») over ein orgelsolo (dette gitarpartiet skal visstnok ha vore inspirert av Beach Boys-songen «Good Vibration»).[3] Trommene vert her ein kombinasjon mellom raske cymbalslag og tamtam-trommer.

Til slutt går dette gilssando gitarriffet med ekko og forvrenging over i ei kraftig oppbygging av melodisk spenning, og i eit antiklimatisk augneblink hoppar ein rett over på tredje verset. I motsetnad til dei to første versa har ein her små gitartonar mellom kvar tekstlinje. Etter det siste refrenget forsvinn musikken gradvis ut i meir vindliknande støy.

Tidlege utgåver endre

Stykket vart laga ut i frå fleire musikalske eksperiment frå kvart av dei fire bandmedlammane, kalla «Nothing, Parts 1-24». Andre arbeidstitlar under utviklinga av songen var «The Son of Nothing» og «The Return of the Son of Nothing», og den siste tittelen vart brukt dei første gongane songen vart spelt på konsertar tidleg i 1971.[4]

På dei første konsertversjonane var heller ikkje teksten ferdig utvikla, og den opphavlege teksten omhandla møte mellom to lekamar i verdsrommet. Waters vart kanskje uroleg for at Pink Floyd skulle bli merka som eit spacerockband, men teksten var uansett skrive om til å omhandle undersjøiske tema. Dei var innom enno fleire titlar før dei slo seg til ro med «Echoes». Waters som var ein lojal tilhengjar av fotballaget Arsenal, som vann både cupen og serien i 1971, foreslo tittelen «We Won the Double», og under ein turne i Tyskland i 1972 kalla Waters songen for både «Looking Through the Knothole in Granny's Wooden Leg» og «The March of the Dam Busters»[4]

Konsertutgåver endre

Songen vart først spelt 22. april 1971 under namnet «The Return of the Son of Nothing» med det meir «planetære» teksttemaet. Teksten var uendra fram til seint i juli same året, då han vart bytta ut med den meir kjende «albatross»-teksten. Songen vart først kalla «Echoes» i august 1971. Den vart spelt av Pink Floyd fram til 1975, og i 1987 vart den spelt elleve gongar i byrjinga av A Momentary Lapse of Reason-turnéen. David Gilmour spelte songen på turnéen sin i 2006.

I motsetnad til «Atom Heart Mother» var det relativt enkelt å reprodusere «Echoes» på konsertane (som ein kan sjå på Live at Pompeii-filmen) utan at dei kravde fleire musikarar, og det vart stort sett bytinga mellom forskjellige tangentinstrument som var mest problematisk. Vanlegvis brukte Wright å byrje med flygelet gjennom ein Lesliehøgtalar, så bytta han til hammondorgel like før første vers, og så til farfisaorgelet under «kvalsong»-partiet. På siste verset var det tilbake til hammondorgelet, og heilt til slutt pianoet igjen. Farfisaorgelet vart etter kvart utelate, og dei brukte berre Hammondorgelet. I motsetnad til versjonen som er på Pompeii, spelte bandet vanlegvis heile songen i eitt.

Frå 1974 vart songen litt omarrangert, og hadde med koristane Venetta Fields og Carlena Williams og saksofonsolo av Dick Parry like etter andre verset og mot slutten av songen.[5] Den siste gong alle fire medlemmane spelte songen var i Knebworth i 1975. Versjonane i 1987 (då Pink Floyd berre hadde tre medlemmar) var mykje kortare enn vanleg, men songen vart etter kvart bytta ut med «Shine On You Crazy Diamond (Parts 1-5)».

I versjonane som vart spelt i 2006 av David Gilmour var songen tilbake til full lengde, og varte ofte over 20-26 minutt.

Synkronisering endre

Det er rykte[6] om at «Echoes» er synkronisert med Stanley Kubrick sin film 2001: A Space Odyssey frå 1968, om ein spelar songen over den siste delen av filmen (kalla «Jupiter and Beyond the Infinite»).

«Echoes» vart gjeven ut tre år etter filmen, og er 23 minutt og 31 sekund lang, nøyaktig like lenge som «Jupiter»-delen i filmen. Lydane i midten av songen høyrest for enkelte personar ut som ei reise i ei framand verd. Når det stigande korpartiet heilt på slutten av songen ser ut til å passe perfekt med bileta av planetane som ligg på linje heilt på slutten av filmen, er det lett å sjå at slike rykte kan oppstå.

Ingen i Pink Floyd har derimot nokon gong bekrefta ei slik synkronisering, og teknologien som eksisterte i 1971 ville ha vore svært dyr og vanskeleg for bandet å få tak i. Roger Waters har sagt at noko av det han har angra mest på er at bandet takka nei til å medverke med musikk til filen i 1968.[6]. Kubrick spurte seinare om han kunne bruke delar av musikkstykket «Atom Heart Mother» i filmen hans A Clockwork Orange. Pink Floyd avslo fordi dei meinte musikken ville høyrast toskete ut av samanhengen. Ein kan likevel sjå eit eksemplar av Atom Heart Mother-albumet bak disken i plateforetninga i filmen.

I 1992 var det Roger Waters sin tur til å spørre Kubrick om han kunne bruke lydklipp frå Space Odyssey på albumet Amused to Death. Waters ville ha eit klipp frå dialogen og pustelydane i ein scene like før «Jupiter and Beyond the Infinite», der Dave Bowman skrur av datamaskinen HAL 9000. Waters fekk derimot ikkje lov, og måtte lage sine eigne pustelydar, og la samtidig inn ein hemmeleg melding som omtalar Kubrick.

Filmen «Crystal Voyager» av George Greenough frå 1973 inneheld heile «Echoes» over bilete av Greenough som surfar med kameraet festa på surfebrettet.

Plagiat endre

Waters hevda i 1992 at Andrew Lloyd Webber hadde plagiert tema frå «Echoes» då han laga musikalen The Phantom of the Opera, men fann ut at livet var for kort til å bruke tid på eit søksmål. Waters «fekk hemn» då han omtalte Webber svært negativt på songen sin «It's a Miracle» på albumet Amused to Death («Lloyd Webber's awful stuff runs for years and years and years / An earthquake hits the theatre but the operetta lingers / Then the piano lid comes down and breaks his fucking fingers. It's a miracle»).

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Murphy, Sean (22. mai 2011). «The 25 Best Progressive Rock Songs of All Time». PopMatters. Henta 18. juni 2019. 
  2. http://davidgilmour.musicblog.co.uk/archives/2006/07/night_28_vienne_1.html[daud lenkje]
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. oktober 2006, henta 31. desember 2006 
  4. 4,0 4,1 http://www.pink-floyd.org/faq/faq5.html#9 Echoes FAQ
  5. http://www.pinkfloydz.com/venetta.htm Intervju med Venetta Fields
  6. 6,0 6,1 arkivkopi, arkivert frå originalen 30. oktober 2009, henta 31. desember 2006 

Bakgrunnsstoff endre