Echternach (luxembourgsk Iechternach) er ein by aust i Luxembourg. Han ligg i Echternach i Grevenmacher nær grensa til Tyskland og er den eldste byen i landet.

Echternach
Horisonten til Echternach
Horisonten til Echternach
Byvåpenet til Echternach
Byvåpenet til Echternach
Styresmakter
Land
Distrikt
Kantonar
Luxembourg
Grevenmacher
Echternach
Borgarmeister Marc Diederich
Geografi
Flatevidd 2 049 km²
Flatevidd
 - By

20,49 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

4 507
  220/km²
Koordinatar 49°48′N 06°25′E / 49.800°N 6.417°E / 49.800; 6.417
Høgd over havet 114 - 393 m
Diverse anna
Heimeside: www.echternach.lu
Plassering
Plassering av Echternach
Plassering av Echternach

Byen voks opp rundt murane til Echternach kloster, som vart grunnlagd i 698 av Willibrord, ein engelsk munk frå Ripon, som vart den første biskopen i Utrecht og som arbeidde for å kristne frisarane. Som biskop styrte han klosteret fram til han døydde i 739.

Elva Sûre som renn forbi byen dannar no grensa mellom Luxembourg og Tyskland, men under Romarriket og merovingarane var det ikkje eit grenseland i det heile tatt. Det er funne spor etter ein romersk villa i byen.

Den vakre byen er framleis omgjeve av mellomaldermurar med tårn, som vart kraftig øydelagd under den andre verdskrigen og bygd opp att.

Kjelder endre