Edge of Darkness av Eric Clapton

Edge of Darkness
Filmmusikk av Eric Clapton
Utgjeve November 1985
Innspelt Great Britain
Sjanger Filmmusikk
Lengd 18:44
Selskap BBC Records & Tapes
Eric Clapton-kronologi 
Behind the Sun
(1985)
Edge of Darkness August
(1986)


Edge of Darkness er eit filmmusikkalbum frå 1985 av Eric Clapton og Michael Kamen for den britiske fjernsynsserien Edge of Darkness. Temaet frå serien vann dei ein Ivor Novello-pris for låtskriving og komposisjon,[1] i tillegg til at dei vann BAFTA-prisen for beste musikk i 1986.[2]

Bakgrunn endre

For Clapton var dette første gongen han skreiv filmmusikk, kort tid etter at han hadde sett Terry Gilliam-filmen Brazil med venen Kamen, som hadde skrive musikken for filmen. Han fekk ein telefon frå BBC som spurte om han ville lage musikk til Edge of Darkness, og han bad så Kamen om hjelp.[3]

Kritikarros endre

Som med fjernsynsserien fekk filmmusikken mykje ros: The Age kalla han eineståande;[4] The Atlanta Journal-Constitution sa at han var «særleg merkverdig».[5] Singelen nådde 65. plass på den britiske lista, der han låg tre veker i januar 1986.[6]

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Edge Of Darkness»3:19
2.«Shoot Out»3:48
3.«Obituary»2:09
4.«Escape From Northmoor»3:09
5.«Oxford Circus»3:17
6.«Northmoor»3:02

Kjelder endre

  1. Strong, Martin Charles; John Peel (2004). The great rock discography. Canongate US. s. 290. ISBN 9781841956152. Henta 14. mars 2011. 
  2. Brandt, George W. (1993). British television drama in the 1980s. Cambridge UP. s. 117. ISBN 9780521427234. 
  3. Shapiro, Harry (1992). Eric Clapton: lost in the blues. Da Capo. s. 164. ISBN Eric Clapton: lost in the blues Check |isbn= value: invalid character (hjelp). [daud lenkje]
  4. Smith, Michael (16 July 1986). «'Edge of Darkness': a repeat,-if-you-please». The Age. Henta 14. mars 2011. 
  5. «PBS Drama Will Put Viewers on 'Edge'». The Atlanta Journal-Constitution. 5 November 1989.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  6. Warwick, Neil; Jon Kutner; Tony Brown (2004). The complete book of the British charts: singles & albums. Omnibus. s. 194. ISBN 9781844490585. Henta 14. mars 2011.