Edirne er ein by i Aust-Thrakia, den nordvestlege delen av Tyrkia, nær grensa til Hellas og Bulgaria. Edirne var hovudstad i Det osmanske riket frå 1365 til 1453, før Konstantinopel (Istanbul) vart den nye hovudstaden i riket. I dag er Edirne administrasjonssenter i provinsen Edirne. Byen har kring 140 000 innbyggjarar (2010).

Edirne
by
Selimiyemoskeen, bygd av Mimar Sinan i 1575.
Land  Tyrkia
Region Marmararegionen
Provins Edirne
Koordinatar 41°40′N 26°34′E / 41.667°N 26.567°E / 41.667; 26.567
Folketal 138 793
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Bilnummer 22
Kart
Edirne
41°40′23″N 26°34′25″E / 41.67304°N 26.57361°E / 41.67304; 26.57361
Wikimedia Commons: Edirne

Plassering endre

Edirne ligg kring 220 km vest for Istanbul nær grensemøtet mellom Bulgaria, Hellas og Tyrkia, og ved den nordaustre breidda av den tyrkisk-bulgarsk-greske grenseelva Meriç (gresk Évros, bulgarsk Maritsa). Sideelva Tunca (gresk Tónzos, bulgarsk Tundzja) når Edirne frå nord, krinsar den vestlege halvdelen av den indre byen i ein stor boge og munnar sør for sentrum ut i Meriç. Difor har byen knapt vakse noko særleg mot vest, men heller mot søraust.

Historie endre

 
Edirne (Hadrianopolis) i Det bysantinske riket ca. 1045.

Edirne-området har vore skodeplass for ikkje mindre enn 16 større slag eller kringsetjingar, heilt sidan den greske antikken. Militærhistorikeren John Keegan har kalla Edirne «den mest omstridde byen i verda», og forklarar dette med den geografiske plasseringa til byen.

Antikken endre

Byen vart grunnlagt på 100-talet evt. av den romerske keisaren Hadrian som Hadrianopolis (Aδριανούπολις), på staden for den tidlegare trakiske busetjinga Uskadama.[1]

Han kom seinare til å bli kalla Adrianopel. Slavarane kalla byen Odrin eller Jedren. Desse namna, greske, tyrkiske og slaviske variantar, går alle tilbake på det opphavleg latinske namnet.

9. august 378 vart keisar Valens av Austromarriket drepen i kamp mot visigotarane i slaget ved Hadrianopolis i 378. Slaget, der gotarane gjekk sigrande ut, blir rekna som eit av dei avgjerande stega mot fallet til Romarriket. På 500-talet vart byen kringsett av avararane, og seinare vart han inntatt av bulgararane.[2]

Seinare tid endre

 
Den gamle jernbanestasjonen i Edirne, teikna av Mimar Kemaleddin. Bygningen tilhøyrer no Trakya-universitetet, og utgjer hovudinngangen til universitetet.
 
Den bulgarsken-ortodokse Georgskyrkja i Edirne, 2008

Byen tilhøyrde så Austromarriket innan han i år 1190 vart erobra av krossfararen Fredrik I Barbarossa,[3] som nytta han som base for framrykkinga mot Det heilage landet under det tredje krosstoget.[2] I 1205 vart den frankiske keisaren Balduin I av Konstantinopel overvunnen og tatt til fange av bulgararane ved eit slag ved Adrianopel.[4]

I 1361[1][5] vart Edirne erobra av generalen til sultan Murad I, Lalashahin (Lala Şâhin Paşa). Byen overtok rolla til Bursasom hovudstad i Det osmanske riket i 1365 og vart verande hovudstad heilt til år 1458, med unntak av ei borgarkrigstid 1402-1413, då Bursa igjen var hovudstad. I 1458 vart hovudstaden flytta til den nyleg erobra Konstantinopel.

I 1575 reiste sultan Selim II den mektige Selimiyemoskéen i Edirne, som var teikna av den store osmanske arkitekten Sinan med fire minareter av ei høgd på 70,9 meter. Dei er framleis dei høgaste i det moderne Tyrkia. I følgje segna denne moskeen 999 vindauge.

Byen vart okkupert under 1800-talet av Russland to gonger, 1829 og 1878. Den russisk-tyrkiske krigen 1828-1829 vart avslutta med freden i Adrianopel i 1829. Prut og Donau vart grense mellom dei to landa, og Tyrkia respekterte sjølvstende til Hellas.[5]

Bahá'u'lláh, grunnleggjaren av bahá'í-trua, budde i Edirne mellom 1863 og 1868. Han vart så forvist derfrå, til Akko.

Under den siste russisk-tyrkiske krigen 1877-1878 vart Adrianopel kringsett av russarane den 20. januar 1878. Den 31. januar vart ein der samde om fredspreliminærer og vilkår for ein våpenkvile, som vart innleiinga til freden i San Stefano.[4]

Etter den russisk-tyrkiske krigen 1877-78 var festningane i Adrianopel i og for seg blitt forsterka, men då den første balkankrigen braut ut i 1912, var dei umoderne i likskap med kanonane, som dessuten mangla panservern. Den 22. oktober 1912 vart byen, som var forsvart av Shukru Pasha (Mehmed Şükrü Paşa) med omkring 45 000 mann, kringsett av den andre bulgarske armeen, som i slutten av månaden vart forsterka av serbiske tropper og i mars 1913 vart ytterlegare forsterka, slik at kringsetjingsstyrkane til slutt talte omkring 100 000 mann og kring 140 stykk artilleri under general Ivanov sitt befal. Etter langvarig skotutveksling og mindre gjensidige åtak sette ein den 24. mars 1913 eit generelt åtak. Framskutte stillingar vart innteken den 25. mars, og den 26. mars vart byen storma så effektivt at Shukru Pasha ved totida vart nøydd til å gje opp festninga. I preliminærfreden i London 30. mai 1913 avstod Tyrkia blant anna Adrianopel, som tilfalt Bulgaria.

Same året braut den andre balkankrigen ut, då trykarane den 23., juli okkuperte Adrianopel utan nemneverdig motstand frå bulgararane, og i freden 29. september 1913 vart Adrianopel avstått til Tyrkia.[6]

Under første verdskrigen vart Adrianopel bombardert av engelske fly den 14. april 1916. Etter krigen var over tilfall byen i 1919 Hellas; dette vart stadfesta i 1920 i freden i Sèvres, som aldri vart ratifisert, og byen var gresk mellom 1920 og 1923. Byen tilfall derimot Tyrkia i Lausannefreden.[1]

Klima endre

Edirne har eit fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfa) med lange, varme somrar og kalde og stundom snørike vintrar.

Vêrdata for Edirne
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 20,5 23,2 28 29,8 35,3 42,6 44,1 40,7 37,8 35,8 28 22,8 44,1
Gjennomsnittleg maks °C 6,7 9,4 13,5 19,3 24,7 29,3 31,7 31,6 27,1 20,5 13,6 8,1 19,6
Gjennomsnittleg min °C −0,5 0,3 2,9 7,1 11,4 15,4 17,3 17,1 13,3 9,1 4,7 1,1 8,3
Lågast målte °C −19 −19 −12 −4,1 0,7 6 9,3 9,4 4,2 −3,7 −6,6 −13,4 −19
Gjennomsnittleg nedbør mm 53,4 48,9 50,2 45,3 53,9 39,2 34,2 26,5 38,1 52,8 69 63,8 575,3
Gns. solskinstimar i månaden 74,4 103,6 142,6 192 263,5 294 328,6 310 234 161,2 99 68,2 2 271,1
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[7]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Edirne i Store norske leksikon.
  2. 2,0 2,1 Berglund, s. 21.
  3. «Edirne». Nationalencyklopedin. Henta 24. august 2012. 
  4. 4,0 4,1 Adrianopel i Salmonsens Konversationsleksikon (2. udgave, 1915)
  5. 5,0 5,1 Adrianopel i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1904)
  6. Adrianopel i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1922)
  7. «İl ve İlçelerimize Ait İstatistiki Veriler- Meteoroloji Genel Müdürlüğü». Dmi.gov.tr. Arkivert frå originalen 2. juli 2011. Henta 24. august 2012. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Edirne
  Reiseguide for Edirne frå Wikivoyage