Edith Roger (29. mai 192224. februar 2023) var ein norsk dansar, koreograf og teaterinstruktør.

Edith Roger

Fødd29. mai 1922
FødestadVestby kommune
Død24. februar 2023 (100 år)
Verka somballettdansar, koreograf, sceneinstruktør
PrisarDanseinformasjonens ærespris, Norsk kulturråds ærespris, Heddakomiteens ærespris

Liv og virke endre

Faren dreiv bilverkstad og familien flytta til Oslo der Edith lærte klassisk ballett hos Rita Tori (1908–1967) og under den andre verdskrigen litt fridans hos Gerd Kjølaas (1909–2000). Roger debuterte som dansar i 1945 hos Kjølaas, men hadde også eigne oppsetjingar i Stavanger dette frigjeringsåret og vart engasjert ved revyen Chat Noir. Deretter var ho ved den Birgit Cullberg-leia Svenska Dansteatern til 1948 då ho vart med i Ny Norsk Ballett. Frå 1958 var ho ved den nystarta OperaballettenDen Norske Opera, der ho vart den fyrste[1] med avskjedsførestilling i den Kjølaas-koreograferte Markisen, oppført i oktober 1964.[2] Ho dansa vidare, og var Mor Åse i NRK-produksjonen over Birgit Cullbergs Peer Gynt-ballett i 1966.[3]

Roger er også kjend for virket sitt som koreograf, blant anna ved Festspillene i Bergen i 1958 og 1969. Frå 1967 til 1997 var ho instruktør ved Nationaltheatret, og vart omtala som ei fornyar av norsk regikunst.[4]

I 1985 vart Roger utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. I 2002 fekk hun Norsk kulturråds ærespris.

Prisar endre

Kjelder endre

  1. Jens H. Stemland, Lille ridder Edith i VG den 8. mars 1985.
  2. Teatrene i dag. Entre: Jan Bull—Sorti: Edith Roger i VG den 1. oktober 1964.
  3. Engler, jo de finnes i VG den 8. november 1965.
  4. Thomas Talseth (5. oktober 2022). «Edith Roger fyller 100 år!». Danseinfo.no (på norsk bokmål). Henta 8. oktober 2022. 
  5. «Tre Heddapriser til Trøndelag Teater». adressa.no. 12. september 2010. Arkivert frå originalen 20. september 2010. Henta 14. september 2010.