Edition of Contemporary Music

Edition of Contemporary Music (til vanleg forkorta ECM) er eit tysk plateselskap etablert og leia av Manfred Eicher med Karl Egger som initiativtakar og den som finanierte oppstarten. Selskapet blei grunnlagt i München i 1969 og har i tida sidan gitt ut over tusen album/CD'ar innan jazz og improvisert musikk.[1] Jan Erik Kongshaug har vore lydteknikar for drygt 500 av desse.

ECM gir òg ut merket ECM News for spesielle seriar (1984). I Noreg er Grappa musikkforlag knytt til ECM.

Den første produksjonen var albumet Free at Last med pianisten Mal Waldron og den blei etterfølgd av Just Music som var eit kollektiv rundt Alfred Harth, så det lisensierte trioalbumet Paul Bley with Gary Peacock og Afternoon of a Georgia Faun til Marion Brown sit ensemble der blant andre Anthony Braxton, Chick Corea, Bennie Maupin, Jeanne Lee og Andrew Cyrille spelte[2]

ECM har betydd mykje for norsk jazz og her er ein del produksjonar med norske artistar:

Kjelder endre


Referansar endre

  1. ecmrecords.com
  2. ECM Chronik 1970, arkivert frå originalen 27. september 2009, henta 28. november 2011