Edmund Husserl (8. april 185927. april 1938) var ein tsjekkisk matematikar og filosof, grunnleggjar av fenomenologien, ei av dei viktigaste filosofiske retningane i det 20. hundreåret.

Edmund Husserl

FøddEdmund Gustav Albrecht Husserl
8. april 1859
Prostějov
Død27. april 1938
Freiburg im Breisgau
NasjonalitetKeisardømet Austerrike, Deutsches Reich
Områdefilosofi, fenomenologi, epistemologi, transcendental philosophy, Idealisme
Yrkematematikar, filosof, universitetslærar
InstitusjonarAlbert-Ludwigs-Universität
Universitetet i Göttingen
Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
Alma materUniversitetet i Wien
Universitetet i Leipzig
Humboldt-Universität zu Berlin
Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
DoktorgradsrettleiarLeo Koenigsberger
Carl Stumpf
EktefelleMalvine Husserl
MedlemHeidelberger Akademie der Wissenschaften
American Academy of Arts and Sciences

Husserl var fødd i Proßnitz i Mähren. Han skreiv først ei doktoravhandling om matematikk der han diskuterte psykologiske forklaringar på matematikken. Han innsåg til slutt at han var på veg i feil retning og at matematikken måtte vere ein ideell vitskap. Ideell tyder at kunnskapen er tidlaus, t.d. at vi har ei førestilling om kva ein trekant er uavhengig av konkrete trekantar i kvardagen (store og små, laga av mange ulike material). Denne tankegangen overførte han på logikk og seinare på sosial- og humanvitskapane sitt grunnlag. Dette var fenomenologien, læra om korleis ting naturleg står fram for oss. Fenomenologi tyder då lære (logos) om fenomena («fainomenon» på gresk tyder «det som ovrar seg» eller syner seg for oss). Det som viser seg for oss er alt som kjem til oss gjennom sanseapparatet og heile kroppen, og Husserl avgrensa det ikkje berre til synet, men brukte ofte synsmetaforar for å forklare filosofien sin.

I tida frå hundreårsskiftet skriv han då sitt første store verk om desse teoriane og gav det ut i «Logiske undersøkingar» (ty. Logische Untersuchungen). Han gav seinare ikkje ut så mange bøker, men skreiv desto meir. Då han døydde vart det funne over 40 000 stenografiske ark etter han.

Husserl var lærar på fleire tyske universitet, men vart til slutt professor i filosofi i Universitetet i Freiburg (i Breisgau). På grunn av jødeforfølgingane i Tyskland i 1930-åra vart han stroken av lista over professorar ved universitetet (han var då pensjonist), noko som førte til at han ikkje kunne bruke biblioteket, og han fekk òg publikasjonsforbod og vart tvangsflytta frå huset sitt over i eit mindre husvære. Han døydde før dei systematiske utryddinga av jødane, og familien fekk hjelp til å flykte.

Husserl hadde fleire kjende studentar, den mest kjende er utan tvil Martin Heidegger som følgde etter Husserl i filosofiprofessoratet. Husserl og Heidegger var for det meste samde, men Heidegger utvikla fenomenologien i ei anna retning enn Husserl, det som seinare vart kalla eksistensialismen. Eksistensialismen er ei retning innan både filosofien og litteraturen.

Manuskripta etter han vart berga av ein belgisk fransiskanarmunk og forskar, Leo van Breda, som fekk smugla dei til Berlin og vidare frå Berlin til Belgia med diplomatpost og gøymd i eit kloster i Leuven, og det vart skipa eit Husserl-arkiv og studiesenter der. Etter krigen vart dei sakte, men sikkert publisert i skriftserien Husserliana, og publiseringa vart i hovudsak gjort ferdig på 1990-talet med over 40 store bind.

Det er (2011) ikkje skriven ein bibliografi om Husserl.

Kjelder endre

  • Zahavi, D. (2001). Husserls fænomenologi. Ny, revideret udgave. Gyldendal, København.
  • Husserliana-serien Husserliana: Edmund Husserl Gesammelte Werke Arkivert 2012-07-22 ved Wayback Machine. (Kritische edition). Auf Grund des Nachlasses veröffentlicht vom Husserl-Archiv Leuven. Nijhoff, Den Haag 1950 ff., no utgjeven av: Springer, Berlin 2008: 42 bind.