Eduard Matusevitsj

Eduard Antonovitsj Matusevitsj (fødd 16. november 1937) er ein kviterussisk tidlegare skeiseløpar frå Minsk som representerte Sovjetunionen. Han vart europameister i 1965.

Eduard Matusevitsj

Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 16. november 1937 (86 år)
Minsk
Yrke skøyteløpar
Høgd 189 centimeter
Eduard Matusevitsj på Commons

Matusevitsj debuterte internasjonalt med ein niandeplass ved EM 1962. To år seinare vart han nummer fire i verdsmeisterskapen i Helsinki, og kom på sjetteplass på 1500 meter under Vinter-OL 1964 i Innsbruck.

Vinteren 1965 vann Matusevitsj europameisterskapen i Göteborg, etter ein drabeleg strid mot norske Per Ivar Moe. Etter sjetteplassar i både EM og VM 1966, kleiv han opp på sigerspallen då det lett amputerte Lahti-EM 1967 var over. Han kom på bronseplassen, nederlandske Kees Verkerk var i ei klasse for seg, og Matusevitsj sin eigen lagkamerat Valerij Kaplan vart nummer to.

Ved EM 1968 på Bislett stadion i Oslo tok Martusevitsj steget opp på sølvplassen, etter han kilte seg inn på resultalista mellom europameisteren Fred Anton Maier og Magne Thomassen, begge frå arrangørlandet Noreg. Under Vinter-OL 1968 i Grenoble enda han som åttandemann på spesialdistansen 1500 m. Han la opp ved sesongslutt.

Kjelder endre