Edvard Befring

norsk professor

Edvard Befring (fødd 11. mai 1936) i Stardalen i Jølster) er ein norsk pedagog og professor i spesialpedagogikk.

Edvard Befring

Fødd11. mai 1936
Jølster kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, friidrettsutøvar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Aarhus Universitet
BarnAnne Kjersti Befring

Han blei dr.philos. i 1972. Han var professor i pedagogisk psykologi ved Aarhus Universitet 1972-76, rektor ved Statens spesiallærarhøgskole 1976-87, professor same stad 1987-91, Noreg sin første professor i spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo frå 1991. Edvard Befring blei i 1998 tildelt Formidlingsprisen, i 1990 riddarkorset av Den islandske falkeorden, i 2005 Den Kongelige Norske St. Olavs Orden, og i 2007 blei han tildelt Jonas-prisen.

Befring har gitt ut 21 fagbøker og vel 200 artiklar og avhandlingar om læring, oppvekst, pedagogiske teoriar- og idéar, spesialpedagogikk, førebygging av problemåtferd og nye faglege perspektiv, vitskapleg metode og etikk.[1][daud lenkje] Han har mellom anna skrive Ungdom i et bysamfunn (doktoravhandling 1972), Skole- og atferdsproblem i omsorgspedagogisk perspektiv (1983), Læring og skole for eit verdig liv (1993), Barnevernet i Norge (2002) og Skolen for barnas beste (2004).

I perioden 1998 - 2007 var Edvard Befring professor II ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Han var redaktør av bokverka «Barnehagepedagogikk» og «Liv og læring på landsbygda». Befring var initiativtakar til Høgskuleutdanninga på Sandane (frå 1981) og var her styreleiar i ti år. Han var også ein sentral aktør for planlegginga av United World College i Fjaler og Chairman of Education Committee i tolv år.

Som rektor ved Statens spesiallærarskole medverka Befring til at spesialpedagogikk fekk eit akademisk løft gjennom etableringa av eit spesialpedagogisk hovudfag, cand.paed.spec., som frå 1980 blei sidestilt med andre akademiske embetseksamenar som cand. paed. og cand. psychol.. [2] Arkivert 2009-02-12 ved Wayback Machine..

Edvard Befring har dominert norsk pedagogikk og lærarutdanning gjennom 1970-, 1980- og 1990-talet, og har gjennom 35 år utdanna lærarar, skulebyråkratar, pedagogar, spesialpedagogar og forskarar. Bøkene hans har vore pensum på alle universitet og lærarskuler i landet, og han har leia ei rekkje offentlege utval.[3] Arkivert 2005-02-17 ved Wayback Machine.

Edvard Befring er bror til Ottar Befring.

Litteratur endre