Sir Edward William Elgar (2. juni 185723. februar 1934) var ein engelsk komponist.

Edward Elgar

Fødd2. juni 1857
FødestadLower Broadheath
Død23. februar 1934 (76 år)
DødsstadWorcester
OpphavStorbritannia
Sjangerklassisk musikk, symfoni
Instrumentorgel
Verka somkomponist, dirigent
Gift medCaroline Alice Elgar
PrisarKnight Grand Cross of the Royal Victorian Order, Royal Philharmonic Societys gullmedalje, Walter Willson Cobbett Medal

Han blei fødd i den vesle byen Lower Broadheath utanfor Worcester, Worcestershire. Foreldra var William Elgar, pianostemmar og musikkhandlar, og kona hans Ann. Edward var den fjerde i rekkja av seks barn; dei tre brørne var Henry, Frederick og Francis, og dei to systrene Lucy og Susannah.

Av Elgars mest kjende verk er Enigmavariasjonane 1898-1899 og The Pomp and Circumstance Marches (1901). Mellom 1902 og 1914 naut Elgar stor suksess, mellom anna med fire turar til USA. Mellom 1905 og 1908 var Elgar Professor of Music ved Birmingham sitt Universitet. Elgar sin Symphony No. 1 (1908) blei framført hundre gonger allereie det første året.

Tidslinje endre

  • 1869: Komponerer sitt første musikkstykke 12 år gammal.
  • 1872: Byrjar å arbeide på eit advokatkontor.
  • 1889: Gifter seg med offisersdottera Caroline Alice Roberts.
  • 1890: Komponerer sitt første store verk, Froissart.
  • 1899: Enigma Variations vert uroppført.
  • 1902: Komponerer musikken til Edvard VII si kroning.
  • 1904: Den første Elgar-festivalen i London. Elgar blir adla.
  • 1905: Besøkjer USA og blir æresdoktor ved Yale-universitetet.
  • 1920: Kona døyr og han blir djupt deprimert, og den produktive perioden hans er over.
  • 1934: Han døyr 23. februar i heimen sin ved Worcester.

Utvalde verk endre

  • 1888: Salut d´amour
  • 1890: Overturen Froissart
  • 1892: Serenade for strykarar
  • 1899: Enigma Variations, Sea Picures
  • 1900: Oratoriet The dream of Gerontius
  • 1901: Cockaigne, Pomp and Circumstance March no 1 (Land of Hope and Glory)
  • 1904: Overture In the South
  • 1905: Introduction and allegro for strings
  • 1908: Symfoni nr 1
  • 1910: Fiolinkonsert
  • 1911: Symfoni nr 2
  • 1913: Symfonisk studie Falstaff
  • 1918: Strykekvartett
  • 1919: Cellokonsert; Pianokvintett

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Edward Elgar