Edward Gordon Craig

britisk skodespelar

Edward Gordon Craig, opphavleg Edward Godwin og av og til berre kalla Gordon Craig (16. januar 187229. juli 1966), var ein britisk teaterreformator.

Edward Gordon Craig

Pseudonym Carric, Allen, Craig, Edward Henry Gordon, Craig, Gordon, Godwin, Edward, Wardell, Edward
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 16. januar 1872
Stevenage
Død

29. juli 1966 (94 år)
Vence

Yrke regissør, illustratør, scenograf, kunstmålar, teaterskodespelar, sceneinstruktør, filmskodespelar, skodespelar, operaregissør, grafikar, fotograf, teaterviter
Far Edward William Godwin
Mor Ellen Terry
Ektefelle Helen Mary Gibson, Elena Fortuna Meo
Born Deirdre Craig, Edward Carrick, David Lees, Ellen Gordon Craig, Philip Carlisle T. Craig, Rosemary Nell A. Craig, Henry Edward Robin Craig, John P. R. Craig, Peter M. Craig
Signatur
Edward Gordon Craig på Commons

Craig var fødd i Stevenage i Hertfordshire som var son av skodespelaren Ellen Terry i eit utanomekteskapleg forhold til arkitekten Edward Godwin. Frå 17-årsalderen i 1889 jobba Craig som skodespelar. Han spelte mellom anna Hamlet i London i 1897. Året etter byrja han studera teikning og grafisk kunst, og frå 1900 lét han bildekunsten bli ein del av dei teaterreformatoriske aktivitetane sine som regissør. Craig gjekk inn for å frigjera teaterkunsten frå teksten, og fokusera på opplevinga av skodespelet, også lyd- og bildemessig. Den tidlege scenografiske teaterkunsten hans viste påverknad frå Adolphe Appia. Blant mange iscenesettingane Craig stod bak kan ein særleg merka seg Elektra (for Eleonora Duse i 1905). Duse hadde òg rolla som Rebecca West i Craig si oppsetjing av Ibsen sitt Rosmersholm i Firenze i 1906. Oppsetjinga av Hamlet i Moskva i 1911 blir òg sett på som verd å merka seg.

Craig spreidde ideane sine gjennom skrifter. Bland desse kan ein nemna On the art of theatre (1911), Towards a new theatre (1913), og dessutan The theatre advancing (1921). Frå 1908 var han òg redaktør og utgjevar av tidsskriftet The Mask.

Som bildekunstnar er Edward Gordon Craig representert ved mellom anna Nationalmuseum[1] i Stockholm.

Kjelder endre