Edwin van der Sar

nederlandsk fotballspelar

Edwin van der Sar (fødd 29. oktober 1970) i Voorhout i Nederland er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar. Han spelte for Manchester United i England til han la opp i 2011. Van der Sar har tidlegare spelt for Ajax Amsterdam, Juventus og Fulham F.C.. Han har spelt 130 landskampar for Nederland. Det er rekord. Van der Sar vart seriemeister i Nederland fire gonger med Ajax, og i England fire gonger med Manchester United. Han vann òg den europeiske Meisterligaen éin gong med Ajax og éin gong med Manchester United.

Edwin van der Sar

Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 29. oktober 1970 (53 år)
Voorhout
Yrke fotballspelar
Språk nederlandsk
Høgd 197 centimeter
Edwin van der Sar på Commons