Egypt Point er det nordlegaste punktet på øya Isle of Wight sør for England. Staden var ein av favorittplassane til dronning Victoria på øya.[1]

Egypt Point.

Egypt Point ligg mellom byen Cowes og landsbyen Gurnard. Mellom 1897 og 1989 var det lys frå fyret her, men i dag vert det berre nytta som dagmerke.[2] Namnet kjem frå ein nærliggande sigøynarleir frå 1500-talet.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. «A guide to Egypt Point». Information Britain. Henta 20. januar 2010. 
  2. «Egypt Point Lighthouse». Lighthouse Depot. Arkivert frå originalen 16. mai 2011. Henta 20. januar 2010. 

50°46′01″N 1°18′54″W / 50.76698°N 1.31506°W / 50.76698; -1.31506