Egyptisk matematikk

Egyptisk matematikk er matematikk som utvikla seg i Egypt frå kring 3000 fvt. til kring 300 fvt.

Moskva-papyrusen som syner eit matematisk problem i egyptisk matematikk.

Den egyptiske byggekunsten og landmålinga gjorde det naudsynt å ha ein høgt utvikla reknekunst. Ahmes-rekneboka og eit papyrus som i dag ligg i Moskva er dei viktigaste kjeldene for kjennskapen til den egyptiske matematikken. Dei er begge frå kring 1600 fvt.

Egyptarane skreiv alle brøkar som summen av dei såkalla stambrøkane, det vil sei brøkar med 1 til teljar. Ein finn detaljerte reglar for rekning med slike stambrøksummar i dei to nemnde skriftene i form av til dels kompliserte døme. I tillegg kunne egyptarane rekne ut areal og volum. Dei gjorde bruk av ein tilnærmingsmetode som svarar til verdien (16/9)² eller om lag 3,1605 for forholdstalet π.

Kjelder endre

«egyptisk_matematikk» i Store norske leksikon, snl.no.