Einar Østby (17. september 19353. april 2022) i Vinger var ein norsk langrennsløpar som gjorde sin beste prestasjon då han vann bronsemedaljen på 15 km under verdsmeisterskapen 1962 i Zakopane. Østby var med på det norske stafettlaget som fekk sølvmedalje på 4 x 10 km stafett under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley, bak Finland. Dei andre på laget var Harald Grønningen, Hallgeir Brenden og Håkon Brusveen. Østby gjekk også på det norske stafettlaget under meisterskapa i både 1962 og 1964.

Einar Østby

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. september 1935
Vinger
Død

3. april 2022 (86 år)

Yrke langrennsløpar, friidrettsutøvar

Østby vart aldri noregsmeister, men fekk med seg fem sølvmedaljar frå noregsmeisterskap. Tre av NM-medaljane kom på 15 km, alle etter Østby hadde lege i sekundstrid med vinnaren. Nærast var han i 1963, då han kom i mål 3,3 sekundar etter Reidar Hjermstad. Men også i 1960 og 1964 var han færre enn ti sekundar bak noregsmeisteren på distansen. Østby var medlem av Jaren Idrettslag.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1960: Delt 4. plass på 15 km, og sølvmedalje på stafetten under OL i Squaw Valley
  • 1961: Nr 6 på 15 km i Holmenkollen
  • 1962: Bronsemedalje på 15 km og nr 5 på 30 km i VM i Zakopane, fjerdeplass på stafetten
  • 1963: Nr 2 på 50 km i Holmenkollen
  • 1964: Nr 7 på 50 km og 8 på 30 km under OL i Innsbruck, fjerdeplass på stafetten
  • 1965: Nr 7 på 30 km i Falun

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar