Einar Gerhardsen

norsk politikar

Einar Henry Gerhardsen (10. mai 189719. september 1987) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han var statsminister frå 1945 til 1951, frå 1955 til 1963 og frå 1963 til 1965.

Einar Gerhardsen

Einar Gerhardsen i 1945.
Foto: Christoffer Gade Rude / Oslo Museum
Fødd10. mai 1897
Asker
Død19. september 1987 (90 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
EktefelleWerna Gerhardsen
BarnTruls Gerhardsen, Rune Gerhardsen
Alle verv
Gerhardsen på eit arrangement i Indre Arna på slutten av 1960-talet.
Foto: Bjarne Befring / Tore Sætre

I 1919 vart han formann i Vegvesenet si arbeidarforening og året etter i Oslo Arbeidersamfunn. Frå 1919 til 1926 var han sentralstyremedlem i Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF), med ein periode som nestformann og som formann. I denne tida var han òg i sekretær i Norsk kommuneforbund i eitt år og sekretær i Det norske Arbeidarparti i tre år. Så vart han sekretær i Oslo Arbeiderparti frå 1926 til 1936.

Under den andre verdskrigen var Gerhardsen aktiv i motstandsrørsla, og han vart arrestert og send til konsentrasjonsleir i Tyskland. Han sat i Sachsenhausen frå 1942 til 1944, så på Grini til freden kom i 1945.

Medan og etter han var statsminister var han ein respektert person, til og med mellom dei som ikkje delte dei sosialdemokratiske synspunkta hans. Han vart populært kalla Landsfaderen for å ha leia til å bygge Noreg etter den 2. verdskrigen. Det vart lagt vekt på å byggja ein velferdsstat, med omfordeling av goda gjennom eit progressivt skattesystem.

I ein biografi om Gerhardsen har det kome fram at han gjorde framlegg om samarbeid med tyskarane sommaren 1940. Dersom det hadde vorte kjent etter krigen, kunne han ha fått store problem med å verta statsminister etter krigen.

Kritikarar av Gerhardsen og Arbeidarpartiet har skildra Noreg i Gerhardsen si styringstid som noko nær ein eittpartistat. I gransking av norske etterretningsorganisasjonar har det kome fram eit samrøre mellom etterretningstenesta og partiapparatet i Arbeidarpartiet.

Den 29. februar 1948 heldt Gerhardsen den såkalla Kråkerøytala. Tala innleia eit oppgjer med Norges Kommunistiske Parti og kommunistar i fagrørsla. Kommunistar i nært samband med Sovjetunionen hadde nett teke makta i Tsjekkoslovakia.

Gerhardsen mottok i 1970 St. Hallvards-medaljen, i 1971 Peer Gynt-prisen og i 1972 Borgardådsmedaljen i gull.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre