Einar Liberg (16. oktober 187311. september 1955) var ein norsk lærar og rifleskyttar som vann medaljar i fire olympiske sommarleikar på rad i tida 1908-24. Liberg sikra seg i denne perioden til saman fire olympiske gull, to sølv og ein bronse.

Einar Liberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. oktober 1873
Elverum
Død

11. september 1955 (81 år)
Oslo

Idrett skytesport
Tok del i

shooting at the 1920 Summer Olympics – men's 100 metre team running deer, single shots, shooting at the 1924 Summer Olympics – men's 100 metre team running deer, single shots, shooting at the 1920 Summer Olympics – men's 100 metre running deer, double shots, shooting at the 1920 Summer Olympics – men's 100 metre team running deer, double shots, shooting at the 1924 Summer Olympics – men's 100 metre team running deer, double shots, shooting at the 1908 Summer Olympics – men's 300 metre free rifle, team, Skyting under Sommer-OL 1912 – Armégevær, lag

Karriere endre

Liberg, som var fødd i Elverum, var det meste av livet folkeskulelærar i Oslo. Han var ein framifrå skyttar, og under sommarleikane 1908 i London var han med på å sikre Noreg gull i lagskyting med rifle. Fire år seinare fekk han sølv i same øvinga då Sommar-OL 1912 fann stad i Stockholm.

Etter fyrste verdskrigen var over, deltok Liberg i viltmålskyting, såkalla springande hjort. Under dei olympiske leikane 1920 i Antwerpen, sopa han med seg laggull i springande hjort, både i enkeltskot og dobbeltskot, og han fekk bronsemedalje individuelt i springande hjort med dobbeltskot. Liberg avslutta ei fabelaktig olympisk karriere med nye medaljar under OL i Paris i 1924. Her vann han gull i lagskyting på springande hjort med enkeltskot og sølv i lagskyting på springande hjort med dobbeltskot.

OL-medaljar endre

Kjelder endre