Einar Røberg (14. februar 192817. september 2021) var ein norsk friidrettsutøvar frå Trysil som åra 1950-52 vart norsk meister i spydkast. I tida 1947 til 1958 vann han i tillegg fem NM-sølv og ein NM-bronse. Røberg var medlem i Søre Trysil IL.

Einar Røberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. februar 1928
Trysil kommune
Død

17. september 2021 (93 år)

Idrett friidrett

Røberg forbetra den personlege rekorden i spydkast frå 62,63 meter i 1947 til 65,95 m i 1951. Det siste resultatet var årsbeste i Noreg, det var også hans 69,05 meter i 1952. Frå 1953 møtte han sin store overmann i Egil Danielsen. Sjølv fekk Røberg den 28. august 1957 opp sitt livs lengste kast. Heime på Plassen i Trysil landa spydet på 71,18 meter, hans einaste kast over 70 m.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre