Eiteljorg Museum of American Indians and Western Art

Eiteljorg Museum of American Indians and Western Art er eit kunstmuseum i Indianapolis sentrum i Indiana i USA. Eiteljorg har ei stor samling biletkunst laga av amerikanske urfolk og kunst laga av vest-amerikanske kunstnarar som blei samla inn av forretningsmannen og filantropien Harrison Eiteljorg (1903–1997). Museet husar ein av dei beste samlingane av samtidskunst av urfolk i verda.[1][2][3]

Eiteljorg Museum of American Indians and Western Art

StadIndiana
Skipa1989
Kart
Eiteljorg Museum of American Indians and Western Art
39°46′06″N 86°10′04″W / 39.7683°N 86.1678°W / 39.7683; -86.1678

Museet ligg i White River State Park i Indianapolis, der ein også finn Indiana State Museum, Military Park og andre attraksjonar.

Gund Gallery i museet har ei høvesvis stor samling måleri og bronseskulpturar av Frederic Remington og Charles Russell. Det har også måleri av George Winter, Thomas Hill, Albert Bierstadt, Charles King og Olaf Seltzer. I eit anna rom er ei stor samling måleri av kunstnarar knytte til New Mexico, som Joseph Henry Sharp, William Victor Higgins, Ernest L. Blumenschein (Penitentes), John French Sloan og Georgia O'Keeffe (Taos Pueblo).

I juni 2005 opna museet ei større utviding som dobla dei offentlege områda med tre nye galleri, Sky City Café, eit utdanningssenter, ein hage og event-lokale. Dei nye galleria omfatta to galleri vigde til museet si samling av samtidskunst, med verk av T.C. Cannon, Kay WalkingStick, Andy Warhol og ei rekkje andre. Det siste galleriet lagt til i utvidinga var Gund Gallery of Western Art. Galleriet er vigd ei samling på 57 kunstverk av traidsjonell vestamerikansk kunst gjeven til museet av familien George Gund.

Kjelder endre

  1. Boggs, Johnny D. (31. mars 2011). «Eiteljorg Museum – Art of the West». HistoryNet. Henta 28. mars 2017. 
  2. Roach, Keith (9. november 2015). «The Eiteljorg Museum Adds to Its Contemporary Collection». Indianapolis Monthly. Henta 28. mars 2017. 
  3. «Eiteljorg Museum of American Indians and Western Art Is Recipient of $15 Million Gund Collection of Western Art» (Press release). Indianapolis: Eiteljorg Museum of American Indians and Western Art. 19. august 2004. Henta 28. mars 2017. 

Bakgrunnsstoff endre