Ekshalasjonsbeslag

Ekshalasjonsbeslag er ei tynn skorpe eller eit belegg som vert danna på fjelloverflater i vulkanske område der det strøymer gassar ut frå jorda. Gassane reagerer til dels med oksygenet i lufta, og dels innbyrdes, og reaksjonane fører til ei avsetjing av sublimat i form av pulveraktige overtrekk eller tynne skorper på den kalde fjelloverflata. Det viktigaste av desse overtrekka er svovel, men ein finn òg ofte salmiakk (ammoniumklorid) og molysitt (jarn(III)klorid).

Sjå òg endre

Kjelder endre