Eksos er restgassar etter forbrenning av fossile drivstoff i forbrenningsmotorar. Restgass frå omnar og industri vert ofte kalla røyk. Eksos inneheld mange ulike gassar. Nokre av desse, som til dømes nitrogen (N2) og vassdamp (H2O) er ufarlege, medan andre er giftige. Karbonmonoksid (CO), eller kolos, er ein giftig gass som finst i eksos og som kan føra til dødsfall om ein pustar inn for mykje av han; luft med rundt 0,1 % kolos kan vera døyeleg. Eksos inneheld òg ymse hydrokarbonar. Eksos frå dieselmotorar inneheld dessutan nitrogenoksidar (NOx) og små sotpartiklar, som er uheldig når dei kjem ned i lungene.

Eksos frå ein dieselmotor i ein bulldosar.
Eksos frå cruiseskip i Geirangerfjorden.

Skadestoff i eksos endre

Eksos inneheld skadestoff av ulik karakter. Kor mykje skadelege stoff eksosen inneheld avheng av fleire ting, som kor fullstendig forbrenninga er, kva slags drivstoff som vert nytta, og så vidare. Konstruksjon og tilstand til motoren er viktige faktorar for kor fullstendig forbrenninga er og har difor påverknad på kor mykje skadestoff som er att i eksosen. Dei viktigaste skadestoffa i eksos er oppsummerte i tabell 1.

For å redusera skadelege utslepp vert det montert katalysatorar på nye køyretøy med forbrenningsmotor. Dei fleste industrialiserte land har lovfesta regler for kor mykje skadestoff eksosen kan innehalde og eksosen vert kontrollert i samband med lovpålagt periodisk køyretøykontroll.

Tabell 1: Skadelege stoff i eksos.

Skadestoff Skadeverknad
Karbondioksid (CO2) drivhusgass (→ global oppvarming)
Svoveldioksid (SO2)
saltsyre (HCl)
sur nedbør (→ forvitring, skade på skog og fiskevatn)
Nitrøse gassar (NOx) sur nedbør, overgjødsling, giftig
Karbonmonoksid (CO) giftig
Tungmetallar giftig / kreftframkallande
Dioksinar giftig
Lettflyktige organiske bindingar ozon (→ smog)
Finpartiklar (PM10), sot, flygoske tungmetallberar smog (→ kreftframkallande)

Sjå òg endre