Ekstremvêret Gudrun

Ekstremvêret Gudrun var eit kraftig uvêr som 7. til 9. januar 2005 kom inn frå Atlanterhavet og råka Nord-Europa. Ekstremvêret fekk namnet «Gudrun» av Meteorologisk Institutt i Noreg, medan tyske Deutscher Wetterdienst gav det namnet Erwin.

Gudrun var det første av i alt tre ekstremvêr som råka landet i løpet av berre fire dagar. Dei to andre var Hårek som råka områda frå Nord-Trøndelag til Lofoten, og Inga, som hovudsakleg råka kysten av Vestlandet. Til saman gjorde desse tre stormane skadar for 160 millionar kroner i områda frå Østfold til Nordland.[1]

Forløp endre

Lågtrykket utvikla seg vest for Irland den 7. januar 2005. Kraftig jetstraum i høgda var medverkande til at lågtrykket fekk ei eksplosiv utvikling og flytta seg raskt over Nord-Irland og Skottland. Kraftig nedbør følgde frontane sør for stormsenteret og skapte flaum fleire stader, hovudsakleg elvar som gjekk over breiddene sine. I Storbritannia vart fleire heimar råka av flaum evakuert, 70 000 mista straumen og to personar omkom.

Ettermiddagen den 8. januar flytta uvêret seg nord for Danmark og inn over Søraust-Noreg. Det lågaste lufttrykket på 960 hPa vart målt nordaust for Oslo. I Noreg vart det registrert nordvestleg sterk storm frå Agder til svenskegrensa. I Danmark og Sør-Sverige vart det målt vind over 32 m/s. Lågtrykket og pålandsvind førte til stormflod i Danmark på to meter over flomål og førte til flaum fleire stader. Òg i Noreg vart det registrert høg vasstand med flaum i mellom anna Sandefjord og Mandal, men utan så store utslag som i Danmark og Storbritannia. I Danmark mista 60 000 hushaldingar straumen, og fire menneske omkom.

Stor skilnad i lufttrykk mellom Nord- og Sør-Sverige førte til kraftig vind, medan uvêret natt til 9. januar og neste dag kryssa landet og heldt fram utover Austersjøen. Natt til 9. vart 341 000 svenske hushaldingar straumlause. Ringhals og Barsebäck atomkraftverk måtte stanse straumproduksjonen på grunn av at fleire leidningsbrot kombinert med store mengder salt som kom med vinden inn frå havet, såkalla saltstorm, medførte fare for kortsluttingar. Den kraftige vinden kombinert med vasstrukken jord førte til at mange tre rotvelta. Omkring 70 000 000 kubikkmeter skog vart rasert i Götaland. Fem personar omkom.

Både i Irland, Storbritannia, Noreg, Danmark og Sverige førte uvêret til skadar på infrastruktur og avbrot i trafikk i lufta, til sjøs og på landjorda.

Uvêret minka etter dette gradvis, men førte til kraftig vind og nedbør òg i Finland, Russland, Tyskland, Latvia, Estland og Litauen. I Helsingfors steg vassnivået den 9. januar opp til 146 centimeter over det normale. I St. Petersburg steig vatnet frå elva Neva så høgt at seks tunnelbanestasjonar måtte stengjast. Åbo hamn vart sett under vatn. I Pärnu i Estland var vasstanden på det høgaste 280 centimeter over det normale, og ein fjerdedel av gatene i byen vart sett under vatn.

Ein reknar med at Gudrun totalt kravde 17 menneskeliv.

Verknader i Sverige endre

Sverige var det landet som vart hardast råka av uvêret. Fire døgn etter stormen var 100 000 hushaldingar utan straum. Etter to veker hadde 25 000 hushaldingar ikkje fått straumen tilbake, og etter tre veker framleis 10 000. Bortfall av elektrisitet gjorde at telefoni, inkludert mobiltelefon, fall ut i dei råka områda. Først etter ein månad gjekk trafikken som normalt på alle jernbanelinjer.

Størst skade gjorde øydeleggingane av skogen. Arealet skog som vart felt av stormen tilsvarar eitt års normal avvirking i Sverige, noko som skapte store økonomiske problem for skogeigarane og store negative ringverknader for lokalsamfunn. Nedfallet i seg sjølv skapte òg miljøproblem, i form av at vasskvaliteten i dei råka områda vart dårlegare på grunn av auka avrenning, at miljøgifter i øvre jordlag som vart rive opp av ryddingsarbeidet påverka dyrelivet og at rotnande trevirke er yngleplass for utøy som barkebiller.

I kjølvatnet av Gudrun kom ei rekke nye forslag om lovendringar, mellom anna med omsyn på å auke energileverandørane sitt ansvar. I mars 2007 fekk Sverige tilsegn om ei utbetaling på 600 000 000 svenske kroner frå solidaritetsfondet til EU, som delvis skal dekke ekstraordinære utgifter til skadar på infrastruktur.

Herjingane til Gudrun gjorde eit sterkt inntrykk i Sverige. Dette vert mellom anna gjenspegla i at SVT hausten 2007 starta innspelinga av eit stort TV-drama i tre episodar som skildrar eit lokalsamfunn før, under og etter Gudrun. Regi er ved Calle Östlund. SMHI gjev ikkje namn til stormane, slik som ein gjer i Noreg, så derfor vert namnet Gudrun òg nytta i Sverige om dette uvêret.

Observasjoner endre

Noreg endre

I området som ekstremvarselet gjaldt for (Sør-Rogaland til Svenskegrensa) så var det Lindesnes som målte den høgaste middelvinden i Noreg med 31 m/s (sterk storm). Lista under viser stasjonane som målte vind høgare enn 25 m/s (full storm) i perioden 7. til 9. januar, samt eit par stader der vind av storm styrke er uvanleg.

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Tidspunkt
Nordøyan fyr 31 36 kl. 19-22 7. jan
Lindesnes fyr 31 - kl. 18-19 8. jan.
Veiholmen 29 36 kl. 13-16 7. jan
Kråkenes fyr 29 36 kl. 11-12 7. jan
Sula 28 36 kl. 13-16 7. jan.
Ona 28 34 kl. 12-13 7. jan
Slåtterøy fyr 26 31 kl. 17-18 8. jan.
Utsira fyr 26 31 kl. 23-00 8. jan
Svinøy fyr 26 30 kl. 01-04 8. jan
Obrestad 25 35 kl. 19-22 8. jan
Ørland 25 34 kl. 17-18 7. jan
Torungen fyr 25 31 kl. 13-16 8. jan
Fedje 25 30 kl. 16-17 8. jan
Sklinna fyr 25 30 kl. 05-06 7. jan
Finse 25 30 kl. 19-22 8. jan
Sola 24 31 kl. 16-17 8. jan.
Mandal 23 - kl. 13-19 8. jan
Prestebakke 23 - kl. 01-04 9. jan.

Sverige endre

Hanö utanfor vestre Blekinge målte den høgaste middelvinden i Sverige under uvêret med 33 m/s (orkan) og dei høgaste i vindkasta med styrke på 42 m/s (151 km/t). Uvanleg var derimot dei kraftige vindkasta i indre område. Både i Ljungby og Växjö vart det målt vindkast på 33 m/s, noko som er særs uvanleg.[2]

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Hanö 33 42
Trubaduren, Västergötland 30 40
Väderöarna, Bohuslän 30 38
Hallands Väderö, Skåne 29 38
Måseskär, Bohuslän 29 38
Nidingen, Halland 28 39
Landsort, Södermanland 27 36
Fårösund 25 35
Gustav Dalén, Södermanland 25 33
Halmstad, Halland 24 30
Gotska Sandön, Gotland 23 36
Skavsta, Södermanland 23 35
Visingsö, Småland 23 33
Helsingborg, Skåne 20 34
Ölands norra udde 20 34
Harstena, Östergötland 19 33
Växjö, Småland 17 33
Ljungby, Småland 15 33
Stavsnäs, Uppland 21 33

Danmark endre

Hanstholm nordvest på Jylland målte den kraftigaste vinden under heile stormen i Skandinavia med middelvind på 35 m/s og vindkast på 46 m/s (165 km/t)

Storbritannia endre

St. Bees Head i Cumbria målte vindkast på 46 m/s (167 km/t).[3]

Capel Curig i Snowdonia fekk 144 mm nedbør på berre 24 timar den 7. januar, medan Shap i Cumbria fekk totalt 227 mm over ein periode på 72 timar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Kjelder i tekst endre

  1. «Det verste uværet». Meteorologisk Institutt. 21. september 2008. Henta 30. september 2008. 
  2. «Den stora januaristormen». SMHI. 4. april 2008. Henta 27. oktober 2008. 
  3. University of East Anglia: Windstorm Erwin