El'ad, òg skrive Elad (hebraisk skrift אלעד), er ein by i Sentral distrikt i Israel. Han ligg kring 25 km aust for Tel Aviv langs vegen mellom Rosh HaAyin og Shoham. I 2009 hadde byen eit folketal på 36 300.[1] El'ad er den einaste staden i Israel som offisielt har status som ein religiøs kommune. Namnet El'ad tyder «Gud for alltid», men er òg namnet på eit medlem av Efraim-stamma, som budde i dette området (Første Krønikebok 7:21).[2]

El'ad
by
Våpenskjold
Land  Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°3′8.34″N 34°57′4.47″E / 32.0523167°N 34.9512417°E / 32.0523167; 34.9512417
Areal 2,76 km²
Folketal 36 300  (2009)[1]
Folketettleik 13 152 / km²
Grunnlagd 1998
 - Bystatus 2008
Borgarmeister Israel (Srulik) Porush
Kart
El'ad
32°03′08″N 34°57′04″E / 32.052316666667°N 34.951241666667°E / 32.052316666667; 34.951241666667
Wikimedia Commons: El'ad

Historie endre

Bygginga av El'ad byrja seint i 1990-åra, då regjeringa i 1990 avgjorde å byggje ei rekkje busetnader langs grensa til Vestbreidda under den dåverande bustadministeren Ariel Sharon,[3] og gav raskt bustad for 50 000 innbyggjarar.[4] Byen vart bygd frå starten av som eit planlagt samfunn i følgje byplanleggingsparadigme som minna om Modi'in og den nærliggande Shoham. Medan desse byane hadde ein blanda folkesetnad av ikkje-religiøse og religiøse jødar, var El'ad opphavleg planlagt for ei blanding av moderne ortodokse/religiøse sionistiske jødar og ultraortodokse haredi-jødar. Størsteparten av innbyggjarane er haredi-jødar. Leiligheitene er tilpassa folkegruppa som har ein tendens til å ha større familiar enn den gjennomsnittleg folkesetnaden.

I 1998 hadde El'ad alt fått status som lokal kommune og i februar 2008 fekk El'ad bystatus.[5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 1. oktober 2014. 
  2. Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jerusalem 1999, Carta, s.6, ISBN 965-220-423-4 (hebraisk)
  3. Shefer, Shlomi (5. august 2002). «A star settlement is born. In these hard economic times, Elad seems to be the only place that's booming as the ultra-Orthodox are flocking to its green spaces and relatively low house prices». Haaretz. 
  4. Greenberg, Harry (26. september 2002). «City Development i Israel» (PDF). 
  5. Fendel, Hillel (6. februar 2008). «Ten-Year-Old Hareidi-Religious Community of Elad Named a City». Arutz Sheva.