El-Ghriba-synagogen

El-Ghriba-synagogen er ein svært gammal synagoge rett ved Hara Seghira nokre kilometer sørvest frå Houmt Souk på den tunisiske øya Djerba. El-Ghriba-synagogen er meir enn 2000 år gammal, og var dermed over 600 år gammal da Tunisia vart muslimsk. Dermed er dette den eldste synagogen i Afrika og ein av dei eldste i verda.

El-Ghriba-synagogen innvendig.

Opphavsmyte endre

Eit segn seier at ei gruppe jødar flykta frå øydelegginga av Det første tempelet i Jerusalem og kom til øya Djerba, kor dei så bygde denne synagogen.

Valfartsstad endre

I fleire århundre har jødiske pilegrimar valfarta til El-Ghriba-synagogen i tida etter pesahfesten.

Terroråtak endre

Den 11. april 2002, etter godt over tusen år med fredeleg naboskap, gjekk ein sjølvmordsbombar til åtak på El-Ghriba-synagogen med ein naturgass-tankbil lasta med sprengstoff. 21 menneske vart drepne i dette terroråtaket, inkludert 14 tyske turistar, 6 tunisiarar og ein franskmann. Meir enn 30 menneske vart såra. Åtaket vart først omtala som ei ulukke, men etterforskinga viste at dette var ein planlagt åtak.

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: El-Ghriba-synagogen